lørdag 26. desember 2009

Jula 2009

Ja så er vi midt oppi det....syns jula egentlig har vart lenge, sikkert fordi eg har gått heime midt oppi all pynten og styret i år.
Jan Ove kom heim lisje-julafta, og då pynta vi tre og gjorde siste innkjøpa, og elles berre kosa oss med tv, pizza og "ei kald ei " i sofaen.
Julafta var vi først ein tur i Vikebygda og åt julefrokost/lunsj. Så fekk eg gjort unna stallarbeidet, sidan Ingvild skulle fôre kvelds. Deretter for vi ut på Håskjold der vi åt middag og overnatta til 1. dag. Sidan vi var 13 stk der, er det vel ikkje så rart at pakke-seremonien tok uendeleg mange timar.....men mykje fint fekk vi :)

Av Nicholas fekk eg det eg hadde ønska meg- "englebarn-smykke". Så kan eg bære englebarnet mitt med meg kvar eg enn går. Syns dei smykka er så utruleg fine :) Mitt er med turkise steinar.
Av Jan Ove fekk eg den andre tingen eg ønska meg mest, Ilse Jacobsen-støvlar :) Treng slikt her på Vestlandet, og då kan ein like gjerne gjere det med STIL! Dvs. eg fekk gåvekort på dei, for det er visst veeeeldig mange fleire som har lyst på slike, så Femina i Ørsta var utsolgt. Men eg kan gjerne vente litt på noko godt....

Elles fekk eg skåler og glas i Rosendal-serien som eg samlar på, skeier i Nora hardangerbestikk som eg også samlar på, fleire koppar av ein sort eg samlar på, og mykje meir fint og nyttig.

Nicholas blir ikkje kle-laus med det første, iallefall ikkje når han når str 74....Kjempemasse tøft fekk han! Han fekk også ein del leiker, og spesial-designa sengesett med brodert navnet sitt på frå den nye butikken på Spinneriet. Takk til alle, både dei eg har nemnt og ikkje. Vi sette stor pris på alt vi har fått.
Jan Ove fekk Police-smykke med meg og ei bok om jakt frå Nicholas. Elles fekk han ein jaktkniv som han vart oppi skyene for, og mykje anna fint.

Igår kom vi heim til oss sjølve i 15-tida, og fekk pakka ut av bilen før det bar vidare på middag i Vikebygda.....men slik er det jo med jula. Veldig mykje familie-kos, og det er kjempekoseleg det, men også litt slitsomt. Så idag har vi ikkje gjort den ting....vertfall ikkje hittil. I skrivande stund ligg Nicholas og søv, og eg og Jan Ove sitt og tastar på kvar sin pc....
Skal fram i Vikebygda og fôre middag til dei tre gule damene litt seinare, men ellers ingen planer. Kanskje ein trilletur? Imorga skal vertfall eg og Merete på ridetur. Så slik går nok romjula, litt sosialt, litt aktivt og uendeleg mykje avslapping og kos.
Ønsker også alle andre som måtte dette innom bloggen min ei RIKTIG GOD ROMJUL :)

onsdag 23. desember 2009

Eit sprøtt stunt rett før jul....

Har lenge vore på utkikk etter ny sal til Hermine, då den ho har er for smal til henne, og for stor i setet til meg....såååå har sikla på denne ei stund, men har ikkje visst kva størrelse eg skulle bestille i bommen. Det vert sagt at Globus-salane og denne er nokså like, så då Ingvild lånte ein globus-sal i str 38, prøvde eg den på Hermine, og det verka som den skal passe bra. Kika på nettet etter brukte globus-salar, men det er ikkje mange å finne med SÅ brei bom...sååå i og med at Hermine no har vore i trening hos Ina Gjerland og fungerar så sinnsjukt bra, slo eg til og bestilte ny sal i og med at ho vil bli mykje brukt framover...Måtte trykke "bestill" med augene lukka FØR eg ombestemte meg...for 8800,- er litt mykje pengar å legge ut no midt i all julegalskapen. Men men. Ny sal måtte vi ha, så får vi berre vere blakke både hesten og eg....(haaahah...blaut spøk....) Har forresten ein Wintec Cair dressur med 4 bomjern til salgs for interesserte!

GOD JUL FOLKENS ;)

søndag 13. desember 2009

Litt advent og litt sånn.....

Gud kor sløv eg har vore å skrive i det siste...men her kjem litt nytt frå oss på Rotset. Dagane fyk avgårde....Nicholas fyller eit halvt år om ei veke, og det er skremmande kor fort tida har gått. Han må vere verdens mest fornøyelige unge trur eg...."Pratar" og pludrar mykje, ler og smiler og viser med heile kroppen at livet er herleg, som berre eit lite barn kan vise det :) Godguten vår! Han søv heile natta og er elles så blid som dagen er lang :)
Nicholas i finstasen, klar for julebord 13.12.09
Julekrybba som Nicholas har fått med si snille farmor
Mariell hjalp meg å bake pepperkaker
Mmmmm....mange gode kaker
Elles kosar vi oss i julepynta hus, har baka alle TO sortane med småkaker (meir blir ikkje ete, so why bother???) og ventar på at papen ska koma heim te jul :) Han skal kome heim lisje-julafta, så vi krysser armar og bein og alt anna for at ikkje det kjem nokon hindringar i vegen.
Far og son i kjent stil ;p
Mamma sin vesle bade-engel :)

Har henta heimatt go-tobba mi Hermine. Meir om det i ein annan blogg.

lørdag 21. november 2009

Ein artig dag :)

Idag har Nicholas vore i badebasseng for første gong. Eg og han var med systra mi og ungane på familiebading i varmtvannsbassenget og det likte han kjempegodt. Var litt usikker på om han var klar for det med tanke på at han var tidleg fødd (det vert jo sagt frå dei er 3 mnd gamle) men eg tenkte eg ville prøve. Det gikk kjempefint og vi kjem til å gjere det mange gongar framover.

Elles fyller godguten 5 mnd idag. HIPP HIPP HURRA! Tida går jammen så fort atte! Han har fått julegåve frå mams og paps litt på forskudd. Sida vi skal vere på Håskjold julafta, med 3 ungar til og sikkert eit tonn med pakkar, fann vi ut at den DIGRE pakken frå oss til Nicholas like gjerne kunne takast i bruk no, sidan 1) vi kjem ikkje til å ta den med dit på julafta likevel, 2) han merkar ikkje om han får den no istaden for på julafta, og 3) han har bruk for den frå no av. Jo, det er ein ny babygym :) Den han hadde var arvegods og lite stimulerande. Så no har han fått ein stor gym med mykje dill og til og med musikk. Og gjett om han er "vill i nikkersen" på den. Kjempestas. Snur seg no rundt frå mage til rygg og rygg til mage innimellom, trengs nok litt meir teknikk-trening ;) Men det kjem nok. Og han akar seg rundt på matta og dreg i leikene. Kjekt at alt går som det skal. Ein blid og triveleg gut. Søv heile natta no også....får håpe det varer :)

Eg har fått meg ein kjekk ridetur også idag, rundt vatnet ilag med Beate og Eidina. Kjekk du var, Stjerna mi :) Imorga skal eg besøke Hermine. Og no skal vi kose oss med god mat og laurdagskveld.

søndag 8. november 2009

KJÆRE PAPPAEN MIN

GRATULERER SÅ MASSE MED DIN FØRSTE FARSDAG!!DU ER DEN BESTE PAPPAEN I HEILE VERDEN! KOS DEG IDAG PÅ JOBBEN DIN UTE PÅ SJØEN. STOR KLEM FRA NICHOLAS


mandag 2. november 2009

4 mnd`s kontroll idag :)


Og Nicholas er no 5055 gram og 59 cm! Hurra for go`guten!
Etter å ha vore på helsestasjonen, møtte vi Sissel og var på Rokken og kjøpte middag...kjøpte ein slags pastasalat som var ganske god :) Det blei også litt butikk-kiking og innlevering av dåpsgåver til gravering, og bytting av nokre. Har vore ein trivelig dag, men no saknar vi papsen altså! Ei veke til han kjem heim <3

lørdag 31. oktober 2009

Det e svart november.....


...Havet knuse mot strand

ein forliste drøm

fra et sommargrønt land.



Men eg huske endå

vakre Mary mcKear

longt vest i Tir n’a Noir


Va du drøm? Va du te?

Va du hud? Va du blo?

Eg kan hørra deg le.

Eg kan huska eg lo.


Bakom horisontar

Så forvitra og glir

E du mi,mi Mary McKear.


Når min rustne kropp går i bakkane tungt

hørr’ eg nåken hviska bakom vintrane ungt:

Kom tebake, venn, ifra kneiper og svir.

Kom igjen te Tir n’a Noir.


Kom te hud. Kom te sinn

ifra alt så e grått.

Eg ska stryka ditt kinn, gjørra blikket ditt blått.
For bak horisontarså forvitra og glir

e eg di, di Mary McKear.


Så når kvelden komme

og eg stilt går ombord,

og min livbåt blir låra

i seks fot med jord,

seil’ eg vest i havet

te Mary McKear

i det grønne Tir n’a Noir.


Te drøm og te kinn

og ein himmel av trøst

kor allting e sinn og eg hørre di røst:
Horisontar fins’kje.

Alt du tar på forblir,

eg e di , di Mary McKear



(Tir nà Noir, Vamp)

torsdag 29. oktober 2009

Fleire dåpsbilder

Den deilige dåpsungen :)

Fadder Sissel og Nicholas

Dåpskaka

Fadder-familien Hoggen Gjærset

Foreldre og to av fadderane

Dåpsbarnet med oldefar

..og med mormor

Søstrene med kvar sin son

Søskenbarn Emilie Louise

Søskenbarna Anne Camilla og Cecilie Agnethe

Nicholas med farmor og farfar

..og ein stolt onkel og fadder, Tom Andrè






















tirsdag 27. oktober 2009

Dåpen, 25.10.09

Dagen starta med klar himmel og sol! Kunne det bli betre? Vi sto opp i god tid (fikk jo sove ein time lenger også...perfekt). Mamsen dusja og så var det å putte dåpsbarnet i badekaret. Fadder og onkel, Tom Andè kom for å helse på Nicholas som han ikkje har sett på over 2 mnd.



Vi var dei første som kom til kyrkja av dåpsfølgja, og fekk kledd Nicholas i dåpskjolen. Det var også undehaldning av TenSing med rockeband og det heile under gudstenesta, så dei holdt på å øve mens vi gjorde oss klar. Veldig flinke, men syns det vart noko høg støy for dei tre dåpsborna.
Nicholas var som vanleg roleg og fornøgd under heile gudstenesta, sjølv då han fekk vatn på hovudet. Han var litt våken i benken etterpå, men var då opptatt med å kike på mine søljer. Det var ei stor ære å få bære sin førstefødde til dåpen :)


Resten av dagen var også kjempefin. Vi køyrde til Sæbø etter dåpen, og hadde både middag og kaffi der. Kjempefine lokale og staden er jo berre fantastisk idyllisk, men eg må innrømme at eg er svært skuffa over den servicen som sjølvaste dagleg leiar viste oss den dagen. Trass i det hadde vi det supert, og dagen gikk altfor fort.


Tusen takk for alle gåvene, og til alle som gjorde dagen til ei heilt spesiell oppleving.

tirsdag 20. oktober 2009

To gode venner...


Noko av det kjekkaste Melissa veit er når Nicholas ligg i vippestolen....då kan ho ligge på lur under og leike med alt som bevegar seg i stolen, både leiker og føter.....

Dåpskort

Og så måtte mamsen scrappe dåpskort til vesle-gullet sitt

mandag 19. oktober 2009

Bursdagskort

Tantegullet Sander fyller 1 år på onsdag den 21.oktober (og Nicholas 4 mnd samme dag...litt morsomt).
Det var familieselskap for Sander no laurdag som var, sidan det var tilreisande og dermed måtte vere i helga, og fordi det er dåp neste helg så det kunne ikkje bli då.



Så då måtte tanta scrappe kort til godguten :)

Lefsebaking

Idag har eg og mamma baka lefser til dåpen. Eg har ikkje vore med på det før, så det var kjekt å lære korleis det skulle gjerast. Gode "emne" er viktig!

Takk for ein koseleg dag, mamma!

søndag 11. oktober 2009

Nydeleg haust-tur

Endeleg to dagar på rad med opplett og SOL og blå himmel! Desse dagane har eg nytta til å få fylt opp lungene med frisk luft, og samtidig fått trimma både meg sjølv og den firbeinte eg har att på stallen. (Hermine er for tida hos Ina Gjerland og Atle Henden for trening, då eg innsåg at eg ikkje har nok kapasitet for den intensive treninga ho treng no. ) Så no får eg tid til å ri kun Stjerna ein periode, reknar med Hermine er tilbake om ein månad eller sånn. Igår var eg og Ingvild på tur med Stjerna og Mai oppover Markaveien. Eg trudde sjølvsagt at når det var opplett så var det også ok å ri utan overtrekksbukse, og med kun ein tynn Devold-genser under boblejakka....men der tok eg feil. Sidan vi reid nedi skogen og attmed elva vart det jo sjølvsagt kaldt...Vi vurderte å bytte da, Invild og eg...sidan ho hadde mykje klede og i tillegg gikk og holdt varmen av den grunn men det vart med tanken. Men det var jo absolutt ein fin tur. Idag visste eg betre, og hadde varme, gode klede. Vi var ein heil flokk på tur. Eg reid Stjerna, Ingvild taumkjørte Mai, og så var foreldra til Ingvild med og gikk tur ilag med. Stjerna var heilt super idag. Det var den RETTE dagen idag, for å seie det sånn. Stjerna er nemlig litt rar, og eg har sjølv gitt ho diagnosen schizofren. Ho er ein fantastisk fin hest dei dagane ho er som idag, roleg og avbalansert, mens ho neste dag kan vere overnervøs for ALT og berre tulle. Eg finn liksom ikkje nokon samanheng heller, det er ingen forskjell på om ho blir ofte eller sjeldan brukt, om det er fint eller dårleg vêr eller noko anna...Men men. Eg har lært meg å leve med at ho er slik, og for meg er ho "go'tobba" uansett. Det er berre litt vanskeleg å få andre til å ri ho, derfor håpar eg no at Hermine blir slik at andre kan avlaste litt av og til. Vil jo ikkje selge nokon av dei...
E no gla i dissa to lo-dottane mine :)




Nicholas...

...er blitt 3, 5 mnd gammal, og er no 4500 gram og 55 cm! Fortsatt flink å ete, og ein kjempekjekke gut :)

Det nærmar seg dåp no, to veker att. Men me stressa ikkje nåke, sida me ska ha alt ute blir det mindre å gjer for oss. Kakebakarane har stått i kø, så det blir ikkje så mykje eg trenge å bake sjølv, men litt må eg no bidra med...som f.eks blåbærpai...mmmmmmmmm... Og så har eg laga bordkort, og skal dekorere nokre lys og lage litt koselig på borda. Bilder kjem når det heile er overstått, kan ikkje røpe noko her ;p

onsdag 23. september 2009

Melissa Katt



Melissa då vi fekk henne

Syns nesten Melissa må få sin eigen etikett....Den vesle kattungen som kom til oss ei veke før Nicholas kom til verda og måtte bu ein mnd i "fosterheim" med foreldra mine i Vikebygda. Ikkje verst det når ho fikk eiga kjellar-leilighet :)

Melissa si mamma er halvt perser, og ho har derfor veldig flott og "fluffy" pels. Får Royal Canin fôr for å holde den ekstra fin.

Ho har absolutt ei artig personlegheit....kosete som berre det, begynner å male berre ein snakkar til ho, og ho svarar tilbake også :)

Når ho er ute og finn ut at ho vil inn, gidd ho ikkje å sitje og mjaue utfor døra...nei ho hoppar like gjerne opp og henger seg fast på lista under vinduet på terrassedøra....der heng ho og kikar inn til nokon ser ho (eller høyrer krafsinga når ho heng der og dinglar...)

Her ein kveld eg kom heim litt seint, fann eg ho ikkje igjen. Ho ligg inne enda sidan ho er så lita, men den kvelden måtte eg berre gi opp å finne henne. Eg ropte på ho kvar gong eg var oppe med Nicholas iløpet av natta, men ingen katt var å finne...MEN dagen etter når eg sto og prata med naboen, fekk ho auge på katten: vandrande rundt på dash-bordet i bilen. Ho hadde altså sneke seg inn i bilen mens eg tok ut Nicholas kvelden før, og der hadde eg stengt ho inne...heldigvis hadde ho ikkje gjort frå seg! Etter den episoden skulle ein tru ho hadde lært, men neida. Ho er berre blitt enda meir bitt av basillen. Alle som er her med bil må sjekke bilen før dei køyrer herifrå, det er nære på ho har blitt med heim (også dei som har STOR hund i bilen)...og når Jan Ove sota vindu på jeepen, låg katten i baksetet med beina i været og sov...
Her les ho "Møre"

Av andre ting ho har funne på er bl.a. å legge seg til å sove INNI ein plastpose. Og fleire rare påfunn blir det nok :)