lørdag 21. november 2009

Ein artig dag :)

Idag har Nicholas vore i badebasseng for første gong. Eg og han var med systra mi og ungane på familiebading i varmtvannsbassenget og det likte han kjempegodt. Var litt usikker på om han var klar for det med tanke på at han var tidleg fødd (det vert jo sagt frå dei er 3 mnd gamle) men eg tenkte eg ville prøve. Det gikk kjempefint og vi kjem til å gjere det mange gongar framover.

Elles fyller godguten 5 mnd idag. HIPP HIPP HURRA! Tida går jammen så fort atte! Han har fått julegåve frå mams og paps litt på forskudd. Sida vi skal vere på Håskjold julafta, med 3 ungar til og sikkert eit tonn med pakkar, fann vi ut at den DIGRE pakken frå oss til Nicholas like gjerne kunne takast i bruk no, sidan 1) vi kjem ikkje til å ta den med dit på julafta likevel, 2) han merkar ikkje om han får den no istaden for på julafta, og 3) han har bruk for den frå no av. Jo, det er ein ny babygym :) Den han hadde var arvegods og lite stimulerande. Så no har han fått ein stor gym med mykje dill og til og med musikk. Og gjett om han er "vill i nikkersen" på den. Kjempestas. Snur seg no rundt frå mage til rygg og rygg til mage innimellom, trengs nok litt meir teknikk-trening ;) Men det kjem nok. Og han akar seg rundt på matta og dreg i leikene. Kjekt at alt går som det skal. Ein blid og triveleg gut. Søv heile natta no også....får håpe det varer :)

Eg har fått meg ein kjekk ridetur også idag, rundt vatnet ilag med Beate og Eidina. Kjekk du var, Stjerna mi :) Imorga skal eg besøke Hermine. Og no skal vi kose oss med god mat og laurdagskveld.

søndag 8. november 2009

KJÆRE PAPPAEN MIN

GRATULERER SÅ MASSE MED DIN FØRSTE FARSDAG!!DU ER DEN BESTE PAPPAEN I HEILE VERDEN! KOS DEG IDAG PÅ JOBBEN DIN UTE PÅ SJØEN. STOR KLEM FRA NICHOLAS


mandag 2. november 2009

4 mnd`s kontroll idag :)


Og Nicholas er no 5055 gram og 59 cm! Hurra for go`guten!
Etter å ha vore på helsestasjonen, møtte vi Sissel og var på Rokken og kjøpte middag...kjøpte ein slags pastasalat som var ganske god :) Det blei også litt butikk-kiking og innlevering av dåpsgåver til gravering, og bytting av nokre. Har vore ein trivelig dag, men no saknar vi papsen altså! Ei veke til han kjem heim <3