lørdag 30. januar 2010

Brille-mann...

Idag er det forresten komt kjempemykje snø igjen, dvs det kom litt igår og mykje inatt....det er godt vi har firhjulstrekk, og at naboen har snøfresar! Likevel vassa eg i snø til livet når eg skulle bort til veda-ladet vårt....ok så er ikkje beina mine så lange, men det ER mykje snø ute, sjå berre her på terrassa vår:

Ok, her var litt fra før, men det har lava ned jamnt siste dagane. Fint, men nok no :)

Lyst heim Jan Ove????? (hihi)

mandag 25. januar 2010

Shop 'till you drop...

Idag va eg på handel...dvs eg skulle utføre nokre ærend i sentrum, men i tillegg til det havna eg då på shoppe-kjøret....:p MEEEN- til mitt forsvar skal det seiast at eg kjøpte berre ting eg hadde bruk for! Nesten iallefall....

På Nille handla eg litt stæsj til heimen, nye lys og ein løpar.

På Vero Moda fann eg meg ei kjempetøff, baggy dongeribukse til halv pris, og når eg først fann ein tunika og ein genser eg likte max, kjøpte eg like gjerne to av kvar.....i ulike fargar. Eg er rimeleg kle-laus etter svangerskapet, og har ikkje alltid så god tid eller faktisk lyst til å shoppe kle med ei barnevogn på slep...(sjølv om han som oftast søv når han ligg i vogna). Men idag var det altså dagen :) Så no blir ho mor fiiiin :)

Nicholas har stadig nye lydar eller "påfunn" no om dagen. Han er begynt å skratte skikkeleg, og elskar at ein bles eller lagar "fiselydar" med munnen mot huda hans. Eg har brukt å gjere det når han stappar fingrane inni munnen min, og igår kveld hadde vi oss ei artig stund. Han starta med å stappe fingrane i munnen min, og eg bles og lata som eg smatta på fingrane hans, og han storskratta....vidare gjor eg det mot kinna hans, halsen og armholene og han lo så han rista heile guten....:) Og...når eg slutta, starta han på nytt, putta fingrane i munnen min og så ville han leike meir. Slik holdt vi på lenge. Artig at han forstår så mykje meir for kvar dag no.
Idag tok ned dette speilet som har hengt skeivt for eg lurte på å flytte spikrane for å rette det opp, men så fann eg ikkje rette redskapane....og så kom eg på at eg kunne legge gym-matta bortåt.....og her var ein som møtte seg sjølv i ....speilet...

torsdag 21. januar 2010

Tur, fakkeltog og 7 mnd ;)

Idag har det gått slag-i-slag...vi sov frampå til 10.00, og etter at Nicholas hadde fått mat, køyrde vi fram i bygda og slapp ut dei tre gule damene. Så møtte vi Cindy og Trym og trilla rundt vatnet. Kaldt, men deilig, og Nicholas låg godt og varmt nede i vogna, men for sikkerhets skuld la eg eit helseteppe over opninga slik at han skulle vere litt meir beskytta mot den kalde lufta her nede ved vatnet.

Til kvelden var det tid for å markere kva vi syns om at dei har planer om å legge ned akutt-funksjonen ved Volda Sjukehus. Altså....nåke så tullete! Det var stort oppmøte og eit flott fakkeltog. Mellom 3-og 4000 var det visst som gjekk....meir kan du lese på http://www.mre.no/
Nicholas er ein grei kar å ha med på ting....han sov jo heile vegen han. Eg gjekk ilag med mamma, pappa og Hanna. Mariell gjekk såklart ilag med veninner :)
Og sist men ikkje minst: PRINSEN VÅR FYLLER 7 MÅNADER IDAG!!!!!

I går var det den store besøksdagen....først kom Alise og vesle Endre på besøk...han er ganske nøyaktig ein mnd eldre enn Nicholas, og dei hadde det veldig kjekt ilag på sitt vis....
"Ikkje forstyrr leiken vår...."
Nicholas tek handa til Endre.....

Om kvelden var det Sissel som kom på besøk, og det var kjempekoselig, iallefall etter at Nicholas hadde gjort seg litt kostbar og vore litt mammadalt....noko nytt han har begynt med???

tirsdag 19. januar 2010

Da e vi berre 3...

...Nicholas, Melissa og meg. Vi kjørte Jan Ove på bussen til Kristiansund, som gikk 15.50 frå Volda, og deretter kjørte vi ut til Cindy og Trym som bur uti Egsetsvingane. Vi trilla ut på Egset, opp i Liaskaret og ned til E39, kryssa den og trilla vidare utover mot Mork skule, snudde og tilbake til Cindy. Kjekt å treffe dei igjen sidan vi ikkje har sett dei sidan november, fordi dei har vore i Tyskland.
Det var tomt å kome heim til stilt hus, men to veker går jo fort. Heldigvis er eg ikkje husredd, og no blir det meir og meir selskap i Nicholas også. Skvatt litt her i stad når Nicholas sov og huset var HEILT STILT og det kom nokre rare pistrelydar frå ein eller annan plass....heilt til det demra for meg at det berre var MELISSA KATT som snorka....jada, ho snorkar verkeleg....rare katta. Men så er ho jo så god også....Framleis med snev av AD/HD, men det er jo berre sjarmerande.

fredag 15. januar 2010

Makramè-armband

Etter å ha fått vårens PANDURO-katalog, fekk eg så lyst å lage slike makramè-armband, eller "Lykkearmband" som dei også kallast. Dei har visst vore populære lenge, så eg er litt treig med å følge moten, men men...
Planen var å handle på postordre, men sidan vi var i Ålesund igår, og der er ein super bokhandel på Amfi (Bok & Media) som har MASSE panduro og hobby-stuff, så handla eg litt der. Men der var ganske utplukka då, så eg kjøpte ikkje så mykje.
Dei gratis forklarings-hefta eg fekk var temmelig elendige, så eg knøda litt før eg fekk det til, men resultata vart BRA om eg skal seie det sjølv. Det største problemet var å få perlene inn på snora, både den tynne eg kjøpte ( 1 mm) og den tjukke (2 mm), men etter katalogen å dømme er det desse materiala som er brukt....Men med mykje smelting av trådendar med lighter, litt brende fingrar og mindre fine gloser, gjekk det :) Kanskje det berre er eg som ikkje har teknikken heilt i orden. Men ein ting er sikkert ; meir blir det handla, men på postordre. Enklare å få oversikta i katalogen enn i butikken....
Slik vart dei:







onsdag 13. januar 2010

Endelig...

...ny PC!!! Hoho...no slepp eg å sitte "på ank" for at pc'en skal slå seg av midt i blogginga, og eg slepp å holde skjermen med eine handa mens eg tastar med hi...(ikkje spør, men JA, den gamle maskina mi var blitt nokså herpa!)

Altså skal det no bli fart på blogginga igjen, føler det har vore eit tiltak utan tilgang på god pc. Denne har også minnekortlesar, så det blir litt snertnare å legge inn bilder :)



I det siste har det vore veldig kaldt, og lite artig å bu i gammalt hus...Vi må nok igang med SKIKKELEG isolering så snart det vårast. To gongar har vatnet frose, men vatn kan ein alltids få tak i. Det verste har vore den gjennomtrengande kulden, særleg med ein liten tass i hus. Heldigvis er soverommet greit isolert, og held varmen ved hjelp av panelovn. Stovene vert det også god temperatur i, men når temperaturen går lavare enn 10 minus, får varmepumpa problem, og det vert først varmt etter intensiv fyring i ovnen. Likevel kjenner ein trekken langs golvet, og det er kaldt i gangane....brrr!
Nicholas godt påkledd mens vi ventar på at det skal bli varmt i stova....

Ein morgon vi sto opp til 11 grader i stova, tok eg med meg Nicholas fram til foreldra mine. Då var det 17 minus ute og vanskeleg å få opp temperaturen nok til at eg ville ha Nicholas her.

Men no er heldigvis gradene på veg oppover, iallefall slik at det blir "levelig" for alle. Fanagenseren Nicholas fekk av mormora til jul er iallefall blitt godt brukt siste veka :)

Nicholas er begynt å ete middagsglas, og at han likar det er ikkje vanskeleg å sjå....det einaste problemet er at han alltid skal lage "bil-lydar" med munnen full av middag eller graut....ein sølete kombinasjon, men litt herlig også.....;p


Idag har eg bestilt enda ein ny sal....Domar-salen eg skreiv om passa nemleg ikkje Hermine. Kjempedumt sidan den såg kjempegod ut. Men no har eg bestilt ein Globus Crincle, samme merket som ein sprangsal eg prøvde på ho. Så BER OG HÅPER om at denne skal passe no då. Absolutt ikkje lett.






onsdag 6. januar 2010

Kaldt men fint!

Ja no er det skikkelig kaldt her! Men no når det enorme snøfallet har stoppa, og det er brøyta og fint rundt omkring, er det faktisk veldig fint ute. Einaste eg er dårleg på, er å huske på at bilen treng lang tiningstid...spesielt no når vi har diesel-vogn...Men ein venner seg til så mangt.

Ikveld har eg og Hermine hatt oss ein flott tur i gnistrande kulde og stjerneskinn. Skulle møte Beate/Eidina nede ved deira stall, og sida det er glatt på hovudvegen og dei fleste bilistane absolutt ikkje tek noko hensyn (og det er skiføre på skisenteret) ville eg helst ri ned markaveien, men så lurte eg litt på om det var mulig med all snøen (Jan Ove målte 1, 06 m ute på terrassa vår igår).
Men eg satsa på det var nokon som hadde rede der før....kanskje nokon med langbeint hest? Og jada...litt tungt var det nok for "Minis" men ho gjekk på med flott mot, og vi trava oss nedover mot Rotevatn.
Vi reid innover i Vassbotnen og halvvegs rundt vatnet. Då tok vi same vegen heim. Eg hadde to ulltrøyer, fleecegenser, stillongs, tjukk ridebukse og termodress, ullhals, sånn baclava-hue som ungane brukar, under hjelmen, tre par ullsokkar og....ja...så fraus gjorde eg egentlig ikkje anna enn periodevis med numne fingrar ( tynne hanskar) og naglebet på te'ne.
Vi tok skogsvegen oppatt også, og det gjekk i bånn gass i trav og galopp i den djupe snøen....HÆRLIG!
Vel heime fekk hestane høy og hett vatn...for å få litt varme i seg og for å unngå kolikk av å drikke isvatn.
TAKK FOR EIN KJEMPEFIN TUR HERMINE, BEATE OG EIDINA.

Reise

Reise
reise
reise med en liten passasjer
følge tegn som ingen andre ser
være egen båt
frakte både jubel
og gråt

reise
reise
reise lenger enn du hadde trodd
kjenne liv der ingen før hadde bodd
være en lugar
seile med et spørsmål
uten svar

reise
reise
reise langsmed dag og over natt
reisen er den lengste du har hatt
være eget fyr
blinke for et gammelt
eventyr

reise
reise
reise med en passasjer ombord
nynne på en sang av hav og jord
være solvarm strand
når en liten sjømann
går i land

(syns d va so fiiiint.....so koselig om å sette en liten til verden...og so vart d jo praktisk talt en liten sjømann også da....)