torsdag 25. februar 2010

Den første ski-turen....

...for meg og Jan Ove, årets første, for Nicholas den aller første. Det har vore så kaldt hittil, så eg trudde det vart lenge før eg fekk testa ut pulken eg kjøpte tidlegare i veka. Slo til no når dei var på kampanje, og håper på fine forhold så vi får bruke den mykje! For dette var kjekt! Her er Nicholas klar:



Vi plukka opp mamma på vegen, og møtte systera mi m/familie på Reset. Jan Ove, Hanne-Marit, mamma og eg gjekk framover turløypa med gutane i pulk, mens Ole og jentene var i ski-trekket.
Mamma og Hanne-Marit, med Sander i pulk.

Her får eg prøve å vere hest....
Jan Ove og mamma smører ski.
Hanna sto på slalom

Sander kosa seg med bolle i pulken.
...og Mariell prøvde ut det nye snowboardet sitt.
Ein fantastisk dag i fantastisk selskap, kjempevêr og superføre! Håper på mange slike dagar framover. No når eg har pulk blir det lettare å kome seg på tur!

søndag 14. februar 2010

Morsdag/valentines

Idag har eg hatt min første morsdag! Igår var eg og systra mi på handel og kjøpte morsdagspresang til mamma, og då kunne eg ikkje dy meg, men måtte kjøpe dette nydelige lyset til meg sjølv frå Nicholas. (Sannheten var vel at eg ikkje rekna med å få noko verken til morsdag eller valentine...han er ikkje så flink til sånt denne sambuaren min...)



Derimot er eg litt små-romantisk sjølv, så eg kjøpte denne koppen og bamsen til Jan Ove...


..og fekk stolpesjokk då eg kom heim og fekk denne...
Hadde ikkje rekna med ein grankvist eingong, og så fekk eg denne...så han er jo søøøøt då :) Og om han ikkje er så flink å kjøpe blomster, så er han desto flinkare å SEI kvar dag at han er glad i meg....og det varmar mykje meir enn blomster <3

Eg fekk også to rosebukettar, ein med mamma og ein med svigermor <3

lørdag 6. februar 2010

Katteruletten

At Melissa er ein uvanleg leiken katt, veit eg jo frå før. Men at ho skulle bli SÅ engasjert i denne katte-leika, var vel over mi fatte-evne...
Den var eit impulskjøp på EuroPris, men jammen fall den i smak. Ho held mest på med ballen som går rundt hjulet, sender den rundt og så ligg ho enten og ventar på at den skal kome rundt igjen, eller ho hoppar over heile stasen og tek att ballen når den er komt halvvegs rundt......det går voldsomt føre seg med andre ord :) Virkelig gøy underhaldning :)

mandag 1. februar 2010

Ridetur i verdens vakraste vinterland :)

Igår var det eit nydeleg flott vintervêr ute, og dilemmaet var om eg skulle ta hest eller ski til skogs.....men sidan eg allereide hadde avtalt med Elna at ho skulle ri Stjerna, så vart det hest. Dessutan måtte eg prøve den nye salen til Hermine, som eg rakk å hente 1 minutt før stengetid på laurdag-snakk om flaks. OG ENDELIG PASSA DEN ;) Dobbelt HURRA, altså!!! Og den var god å ri i. Vi reid nedover "markaveien" og til høgre over elva ved den store runde parkeringsplassen. Meir er det vel ikkje å seie, anna enn at hestane var kjempegreie, bileta talar vel for seg?

ENJOY!!!!
















Og dette har vi so og sei rett utanfor stovedøra......herleg :)