søndag 28. mars 2010

Pingu-kosedyr


Hekla pingvin-kosedyr. Oppskrifta stod i heftet ilag med Pingu-genseren.
Ein liten skjønning som eg alt har hekla to av (Mariell og Hanna var tidleg ute med "bestilling")

Starten på påska `10




Så har påskeferien starta for mange....for min egen del går jo helg og kvardag stort sett i ett sidan eg er heime i permisjon, men at påska er på veg har jo vist seg lenge, spesielt i butikkane. Eg har ikkje brukt å pynte så mykje til påske, men litt gult må jo i hus. Det blir vel meir med åra når minsten veks til. Eg har også kjøpt nokre søte små påskeegg som eg skal henge i bjørkekvistar, men det har eg ikkje fått plukka inn enda. Vi har ingen planer for påska, vi tek det som det kjem. Litt familiekos blir det vel på begge kantar, og elles blir det vel det vanlege. Nicholas har vore sjuk nokre dagar no. Tett nase, tett i brystet og ekkel hoste, litt feber og elles tenner i anmarsj, så like greit at vi ikkje hadde lagt store planer.


Litt sjuk, men like blid :)

Idag fekk eg tatt meg ein ridetur. Det var godt å kome seg litt ut å lufte haudet etter å ha vore mest inne siste dagane. Hermine var kjempeflink sjølv om det er nokre dagar sidan sist, og sjølv om vi var aleine. Ho syns det er kjekkast å ha med "veninner" på tur, men vi har hatt nokre veldig gode solo-turar no i det siste, og det er jo like greitt ho blir vant til å vere aleine på tur, så slepp eg å vere avhengig av at andre kan vere med.


Då vi kom oppatt, var det to jenter som ville bli med tante å ri...Her er Hanna i aksjon :)

mandag 22. mars 2010

Nydeleg skitur!

Idag har Nicholas, mormora og eg vore på skitur. Eg hadde egentlig håpa på det samme strålande vårvêret som igår (men då vart det trilletur og riding istaden for ski), men det var litt meir overskya idag. Vi var usikre på føret sida det var kaldt inatt, men når vi først "sukka" oss avgårde så fekk vi ein utruleg flott tur!
I starten hadde vi glatte ski, og etter råd frå min svoger, smurte vi med lilla. Det hjalp IKKJE. Så vi leita vidare i smøreveska, og fann ein raud det sto ei til minus ei grad på. DEN funka! Ganske stolte var vi av å ha ordna ut dette sjølv. Som avdanka skiløpar burde eg vel lære meg å smørje....iallefall no når eg har pulk. Tidlegare har det ikkje vore så ille å gå på glatte ski, men det vart litt tyngre og masete med ein pulk på slep. Kanskje eg burde skaffe meg fellar, men det fins vel ikkje smale nok til mine ski...? Får sjekke litt ut.Vi gjekk innover frå Krøvelseidet til Rotevassetra der vi har hytte. Nærmasat Eidet var det begynt å minke kraftig på snøen, og tendens til opne grøfter....så no må ein nytte kvar ei anledning til å kome seg på ski. Godt at snøen forsvinn altså, men hadde håpa på litt turar i påska.
Vi låste oss ikkje inn i hytta, men hadde ein kaffi&kvikklunsj-siesta før vi snudde heimover. Nicholas sov søtt i pulken heile vegen. (dessverre hadde eg ikkje batteri på kameraet....)
Og til slutt-GRATULERER MED 29 ÅRS DAGEN, KJÆRSTEN MIN

onsdag 17. mars 2010

Babybading

Idag var det første gong på organisert babybading. Vi har vore i bassenget før, så det var ikkje første gong for Nicholas. Sidan papsen sit vêrfast i Nordsjøen, så var det Nicholas og eg som var og duppa oss.
Nicholas syns det er veldig kjekt i bassenget, og idag var der så mange andre babyar også.....det var meir interessant å glo på dei, enn å ta leikene som instruktøren kasta uti vatnet....Elles sto vi i ring og song ein del mens vi gjorde ulike øvingar, og det var stor stas. Det einaste "problemet" er den vesle villmannen vår som er så aktiv at mamma har problem med å holde hovudet hans over vatnet.....så han var vel under litt meir enn han skulle, men det verka ikkje som han syns det gjorde så mykje.... VI GLER OSS TIL NESTE GONG :)
Elles regnar det idag :) Siste dagane har det snøva så mykje at det har vore berre herk og vanskeleg med alt. Men idag kjem det ferdig måka, og DET er eg fornøgd med. Så får skiføre vere skiføre, no er eg lei av kvit mark!

Og så håper vi at Jan Ove kjem seg i land ein av nærmaste dagane. Skal innrømme at eg vart skuffa igår når eg fekk vite at helikopteret idag var kansellert, men så slo det meg at eg skal jammen ikkje klage. Tenk på dei som misser pappaen sin eller ein annan nær person. Vår kjem iallefall heim, om enn nokre dagar for seint. Det overlever vi :)

søndag 14. mars 2010

Vesketjuv....

Idèen har eg stole frå svigerinna mi, Anette, og oppskrifta er stolen frå bloggen/nettbutikken "Strikk innom". Likevel følte eg at det vart litt mitt eige eksperiment.....Ein tek litt her og litt der og lagar det til sitt eige liksom...

Garnet som var brukt i den opprinnelege oppskrifta, måtte kjøpast/bestillast frå nettbutikken. Det heiter Bamboozle, frå Crystal Palace. Eg er ei utolmodig sjel og ville kome igang med det samme. Turen gjekk til Euro Pris, der eg fann garn og pinnar i passe størrelse.

OPPSKRIFT

Garn: Trysil Garn, Oda (EuroPris)

Pinnar: 5 og 5,5 (brukt her)

Mål: ca 17 cm høg og 19 brei.


Legg opp 23 m på p nr 5,5 og strikk 38 omg perlestrikk. Ta opp 19 m langs neste kant, deretter 23 m langs den andre kanten, og 19 m langs den tredje, til sammen blir det 84 m.

Strikk ca 10 cm ribbestrikk (1r, 1vr) og deretter ca 6 omg perlestrikk igjen.
Skift til pinne nr 5 og strikk ein omgong til med perlestrikk.
Hol til snor: strikk 6 m perlestrikk, 2 vr sammen, kast. Fortsett til du har 10 hol, og strikk perlestrikk ut omg. Strikk 2 omg perlestrikk og fell av.
Snora strikka eg slik: Legg opp 3 m på p nr 5. Istaden for å snu pinnen og starte i den enden tråden er, skal ein etter å ha strikka 3 m halde pinnen som før, men ta tråden på baksida av arbeidet/pinnen og starte på den første m igjen. Stram til mellom kvar omg slik at snora blir rund.
Snora kan også heklast (sjå den opprinnelege oppskrifta, http://garn.poppyfield.net/monstre/bamboozleveske.htm)



lørdag 13. mars 2010

Kupp!

Igår var eg på salg på Sport1....der kom eg over jakke og bukse til Nicholas av merket SKOGSTAD, som er veldig gode kle! Jakka var -70%, så istaden for 499,- var den no 149,-!!!!! Buksa var "berre" nedsatt 30%, som vart frå 299,- til vèl 200,- men alle monner drar :) Settet kjøpte eg i str 1 år, så det blir ein godt utrusta liten mann som skal begynne i barnehagen i august...

Vi fekk brev no i veka, om at vi fekk plass til Nicholas på førstevalget vårt, Hjellbakkane barnehage. Dei har "I vêr og vind" som motto, og er mykje ute. Uteområdet består for det meste av skog og naturen sine eigne "leikeapparat", så dette blir flott. Første året er eg mest opptatt av at han har det trygt og godt, men elles står friluftsliv høgt på lista over det eg vil han skal oppleve i barnehagen. Sander skal også gå der, så det blir Hoggen-banden som "rular" hehe....Watch out, neida...snille gutar begge to. Det blir nok rart å ha gullet frå seg, men eg er trygg på at han får gode dagar i Hjellbakkane Barnehage :)

(I skrivande stund må eg legge til at Melissa Katt nok er misunneleg på utstyret.....det ligg fortsatt på golvet etter at eg tok bilde, og no har ho teke seg godt til rette midt på jakka.....)
....."talkin`to me????"






torsdag 11. mars 2010

Vår, eller?

No kunne det sjå ut som vi endeleg-etter 3 mnd med snødekte omgivnader-kunne få litt vår i sikte...Det aller sikraste vårteiknet dei siste dagane, har vel vore at Melissa Katt FRIVILLIG har gått til døra og bedt om å få kome ut. Det har også regna kraftig nokre dagar no, og det er mildt sagt livsfarleg å gå utfor døra. Men dei meterhøge snøhaugane rundt omkring har minka, og under sørpa og isen fins det bare vegar.....
MEN

skal ein tru vêrmeldingane, skal det visst til å snø igjen til helga :(

Eg vil gjerne at det skal ligge litt snø igjen i fjellet, slik at skia og pulken kan brukast litt til. Men ellers lengtar eg mot vår....

Så eg får trøste meg med desse nydelege tulipanane så lenge. Eg fekk dei med 3 kjekke kollegaer som var på besøk igår kveld.

mandag 8. mars 2010

GRATULERER....

MED DAGEN ALLE DAMER :)

lørdag 6. mars 2010

Forandring fryder....

Følte bloggen min var så tam..så ville prøve å forandre litt....syns igrunnen det vart litt stilig :)

fredag 5. mars 2010

Kreativt!

Dette er eit babyteppe som eg skal gi vekk. Det var tenkt til eit vognteppe, men vart litt større enn eg hadde tenkt, så det kan enten leggast dobbelt og ha på vogna, eller det kan brukast som koseteppe.
Oppskrifta står i ei bok som heiter "Ein mjuk start", der det er mange fine babyoppskrifter. I boka er det mange ulike mønstervariantar, men eg valde denne som eg trur heiter sjakkruter, eller dobbel perlestrikk er det vel eigentleg.


Så vart den mykje omtala Pingu-genseren ferdig! Den er strikka i str 1 år, så det var ingen hast såleis....men litt spennande er det jo å sjå korleis det ferdige produktet blir. Det eg var mest spent på var om eg skulle greie å hekle pingvinen, for hekling er virkelig ikkje mi sterke side. Har prøvd litt før, men aldri skjønt det der med luftmasker, kjedemasker, halv- og heilstavar osb. MEN no måtte eg nesten gjere eit seriøst forsøk, for Pingu-genser uten Pingu....neeeei....det går ikkje.
Men ved hjelp av Dr. Google, og DROPS hekleskole, fekk eg losa meg gjennom oppskrifta og alle maskene, og resultatet vart ikkje så verst. Nokre egenkomponerte masker har eg nok innimellom, laga i øyeblikk der tankane har vore ein annan plass og fingrane har jobba på eiga hand.....men det gjer jo berre denne pingvinen HEILT spesiell. Ingen har maken :)


Det høyrer også bukse, hue og sokkar til. Buksa er kvit på oppskrifta, men eg syns det blir så skitsomt, så får sjå om eg strikkar ei i turkis kanskje. Hua trur eg at eg droppar i første omgong, men sokkane er eg såvidt begynt å legge opp....må jo ha NOKO å gjer på kveldane....



Populær Tante

Eg har alltid hatt eit spesielt forhold til tanteungane mine.....Alle tre til systra mi var jo fødde før eg fekk Nicholas, Mariell og Hanna også mens eg var singel....Og så glad som eg er i ungar, er det blitt mykje tid og mykje moro ilag med dei.
Mariell (11) og Hanna (7,5) er også kreative sjeler....inspirert av tanta, eller kanskje mormor? Mariell gikk igang med dette vognteppet som var planlagt å gi meg til bursdagen min 1. februar....men så gjekk tida litt ifrå henne, så då passa det godt at morsdag kom nokre veker etter :) Eg syns sånt er så koseleg å få!!! Her er det verkeleg lagt ned tid og sjel i kvar ei maske!

Og litt etter fekk eg dette, eit namneskilt i tre med pålimte leirebokstavar. Dette hadde ho laga på skulen i handarbeidstimane. Eg blir rørt av at det er MEG dei ofte lagar noko til :)

Hanna har også laga mykje fint som eg ikkje har bilde av her.