mandag 26. april 2010

Miao!

Den eine siameseren er ferdig :)
Og den ser slik ut:


Fin eller?
Garn og oppskrift er frå Mikk-L Design som dokke finn link til i lista over bloggar eg les. Mykje artig, verdt ein titt :)

søndag 25. april 2010

Kor er kondisen?

Idag var eg og Hermine på tur ilag med Ingvild og Mai. Til ei forandring fann eg ut at eg også skulle taumkjøre, for å få trent Hermine litt frå bakken, og samtidig få trimma litt. Vi hadde ein kjempefin og sosial tur, og at eg var bånn sliten då vi kom oppatt, var absolutt ikkje Hermine sin feil. Ho var litt våryr i starten, men det var ikkje nokon store "stunt" ho hadde føre seg. Det skuldast nok heller at eg (sjølv etter x antal trilleturar, runder med rockeringen og svetting framfor tv`n) framleis slit med kondisen....men det skal nok kome seg :)
Her er nokre fine bilete frå turen:


torsdag 22. april 2010

Mykje fint...

Idag har vi drege mykje fint til hus....
Først var vi og henta pakke frå SparKjøp på posten. Den var stooor! Og inneheldt:
Eit stort antal smekker til Nicholas, flest av dei med armar på. No for tida er det nemleg på armane all maten som ikkje går i munnen havnar. Elles var der ei vår-hue, nokre strømpebukser med antiskli på både kne og under (som såg litt vel store ut...men vi får ha dei til seinare...guten skal jo bli stor!)....

...og-verktøysett til mor :) Eg er så lei av å ikkje finne verktøy når eg har tenkt å fikse noko. Men må sei at eg vart litt skuffa over kvaliteten her (men...kva trudde eg eigentleg eg fekk for 99 kr???) Eg kjem vel til å knuse verktøyet før eg får fiksa noko....sterk, veit dokke, hehe...Får gøyme det godt så ikkje han far tek det når han ikkje finn igjen sitt eige...

Og så bæremeis. Den var billig og....tja, verka faktisk ganske bra. Vi måtte teste i stova.

Nicholas syns sjølvsagt at innpakninga var mest spennande. Han kleiv på denne kassa resten av dagen.

Men han vart også veldig glad for pakke frå bokklubben med bok og dvd om Hinkel Pinkel. Han ser ikkje på tv enda, men har lånt Hinkel Pinkel-bamsen til Sander som syng og dansar, og kjenner igjen sangen når vi syng den. (og han får ein slik bamse til bursdagen, hysj-hysj.)Boka han fekk har knappar ein kan trykke på, så høyrer ein lydar frå serien.


På ettermiddagen var vi hos ei dame som søstra mi tipsa meg om. Ho (dama) dreiv ein barnekle-butikk før, og har no "restane" heime hos seg sjølv og sel det billig. Og ho vart altså redninga på matrosdress-problemet....sjå berre denne stramme matrosen her :




Hua høyrer ikkje til, men eg veit ikkje om eg får tak i ekte matroshue til så små...men om eg ikkje gjer det, var jo denne ganske søt også..

søndag 18. april 2010

Klatremus Lillemann

Sidan Jan Ove er på sjøen no, og eg i tillegg veit det er mange langtvekk-buande som følgjer med på bloggen og lurer på korleis det går med vesle Nicholas, prøvar eg å legge ut litt nye bilder. Idag har eg fått tatt nokre blinkskot.
Det heilt store er for tida å reise seg opp. Ikkje alltid med like stor kontroll, men han er blitt mykje stødigare enn han var i starten.
Her er han på veg opp i leikekassa si idag tidleg. Tøff i pysjamas :)


Idag snøva det sånn ute, at han sov i vogna inne i entreen. Eg hørte noko som "muska" på, og gjekk ned for å sjå om han var våken. Og her er synet som møtte meg:

Sjølv med selar greier denne klatremusa å snu seg rundt og opp og ned og hit og dit. Og sååååååå fornøgd då!!!

Eg har vore litt uggen idag....heile familien på mi side har hatt kraftig spysjuke denne veka, den eine etter den andre, så vi har holdt oss unna dei fram til helga. Men igår og idag har eg også kjent litt på det, har vore heilt sånn uggen i magen, men ikkje hatt knip eller spydd eller noko slikt...og slapp og haudeverk. Midt oppi øreverken. Det eine tek over for det andre liksom. Då var det godt å kunne ta seg ein tur fram til foreldra mine, så såg dei etter Nicholas mens eg fekk kvile litt.
Her er han ilag med bestevennen sin, hunden Jack.

Og han skal tidleg krøkast som god hestekar skal bli :) (han har vore på ryggen til Stjerna også, men då hadde eg ikkje med kamera.)


Etter at eg "installerte" teljar her på bloggen min, ser eg at det er mange fleire enn eg trudde som er innom her. Det syns eg er kjempekoseleg! Men eg hadde blitt enda gladare viss fleire la igjen eit spor :)

"Snøtrall"

No ligger katta i vinduskarmen
og ute snør det som aldri før
og katta krøllar seg ihop i varmen
og nektar plent å gå utfor dør

Heisann og sudelidattendei for snøen og deg og meg.....

(eiga fortvila omskriving av "Soltrall"...("nå skinner sola i vinduskarmen..osv.")

Sånn ser det ut i Volda idag...



eg har aldri hørt Melissa knurre før når eg har hatt ho ut, men idag gjorde ho det....eg tvinga ho ut døra, og då kom det tydelegvis nokre saftige gloser på kattespråket, mens ho rista på labbane og såg ganske forkomen ut. Og eg forstår ho godt,eg....no når vi hadde fått ein smak av våren :) Men denne snøen ligg nok ikkje lenge. Så vi får håpe og tru at katta snart blir blid igjen :)

fredag 16. april 2010

Det føles så godt.....

...å endeleg ha fjerna det nokon andre burde ha fjerna for lenge sidan, eller som nokon andre aldri skulla kasta frå seg i naturen i første omgong. Eg snakkar om piggtråd-kveilen som den kjære katten min Sara gjekk seg inn i for eit år sidan, og leid stygt før eg fann ho død i skogen rett nedom huset vårt.

Vi melde frå til politiet om at det låg der, og dei ville kontakte eigar av området, sidan det ferdast både barn og andre dyr i skogen der, men det er altså ikkje blitt gjort noko med. Eg har vore så redd for at den nye katten vår skulle skade seg på same måte, for eg har sett at ho ferdast mykje der nede. Så idag når eg var ute og trilla Nicholas, såg eg at snøen hadde smelta slik at "styggedomen" var synleg att, så eg gjekk ned og tok den med meg. Kvar ein skal gjere av sånt har eg ikkje peiling på. Ikkje kan eg hive det frå meg nokon plass ute. Levere det nokon plass? Kvar i såfall? Grave det ned? Eg har iallefall putta det i ei pappkasse og teipa godt igjen. Så har eg iallefall god samvittighet for at ingen andre dyr, eller den kjære Melissa-pusen min ikkje lid same skjebne.

REST IN PEACE, SARA MI.

tirsdag 13. april 2010

Endelig pakke fra Mikk-L design :)

Eg kom over ei nettside på facebook, som heiter Mikk-L design (sjå link under bloggar eg les)Her er det masse artige figurar ein kan strikke, og eg fall for eit par siameser-kattar, Sia og Mesi. Desse ville eg strikke. Eg bestilte garn før påske, men av ein eller annan grunn er pakken komen vekk i posten. Så eg har venta og venta, og tok kontakt med selgar, som igår sende ny pakke med express! Tusen takk for god service!
Her er garnet: det skal strikkast ein kvit og ein grøn og tovast.


Mens eg venta på pakken, måtte eg ha noko mellom fingrane, og det vart strikka eit par sokkar som høyrer til Pingu-genseren. Og så er eg i gang med bukse til. I oppskrifta er buksa kvit med turkis mønster nede, men eg syns desse to fargane var så flotte ilag, og at kvit bukse på ein eitt-åring berre fungerar på eit oppstilt fotograf-bilde i ei strikke-katalog!

Egentlig likar eg å avslutte eit arbeid før eg startar på eit nytt, men eg veit ikkje om eg greier å vente til eg har strikka buksa ferdig før ej begynner på kattane.....Men kanskje det kan vere greitt å ha to strikk å veksle mellom, eitt med tynne (2,5) og eitt med tjukke (7) pinnar....? Bilder kjem når dei er ferdige.

fredag 9. april 2010

Rocka øreverk

Siste veka har det vore dårleg med trim. Eg har hatt sånn øreverk, så har mest holdt meg inne og i ro. Har vore slapp og sove når eg har kunna. Eg trudde det skulle gå over av seg sjølv, og sidan eg helst unngår venting og kaos på legesenter og apotek, har eg venta i det lengste. Men idag innsåg eg at eg måtte krype til korset. Og...joda-betennelse i ytre øre....baaaah! Men eg fekk pencilin, og tenkte at jaja, no blir det vel bra. Og øra var fornøgd, men ikkje magen. Så ikveld har eg leie på sofaen eller på golvet (for å passe på at Nicholas ikkje kantra når han sto oppetter eit bord eller noko anna det går an å reise seg opp etter) og berre hatt mageknip. Men no kom det seg litt, så eg har vore borte hos naboen for å låne ein sånn her trenings-rockering.
Har tenkt lenge på å kjøpe meg ein, men ikkje somla meg til. Så kom eg på at ho har ein, og tenkte det kunne vere lurt å prøve ein før eg bestiller, slik at eg veit at eg kjem til å bruke den. Rockering er eg (utan å skryte) faktisk ganske rå på, så det gikk fint. Men eg trur på naboen når ho sa at eg kan rekne med å bli blå....for det var litt vondt sidan den er så ruglete på innsida. Men det skal vel gå etterkvart som ein blir herda. Godt det ikkje er bikini-sesong....så slepp Jan Ove å bli anklaga for "kone"-mishandling ;p

GOD HELG ALLE SAMMEN !

mandag 5. april 2010

Vår!

Idag har det vore den aller flottaste vårdagen hittil i år. Det var god varme i sola då den steikte på terrassa vår, men litt kald vind når ein kom utom solveggen. Eg starta med ein trilletur rundt Rotevatnet, og seinare på dagen kosa vi oss på terrassa. Det er faktisk første gong Nicholas "kravlar" rundt der ute, for det har vore så mykje snø der før. Men han kosa seg han, berre det er noko å reise seg opp etter, er han fornøgd han no for tida.




Igår fekk han testa reia (huska/dissa) på Håskjold for første gong. Det var etter uttrykket å dømme KJEKT :)

Fleire vesker...

Då Mariell og Hanna (tantejentene mine) såg den brunspraglete veska eg strikka for nokre veker sidan, kom det: "Åååå, kan du strikke sånn til oss?" Og kva anna kan ein vel seie då, enn: "Ja, klart eg skal gjere det...."

Veskene er strikka etter same oppskrift som den brune, anna enn at eg gløymde meg og strikka glattstrikk (kun rette masker) der det skal vere 1 r, 1 vr, altså etter at botnen er strikka og ein byrjar på sjølve veska. Men eg syns igrunn det vart finare, pluss at veskene vart "fastare" og betre å handtere. Då er altså begge deler prøvd, og om nokon av mine lesarar vil prøve, så veit de at begge måtane fungerer. Prøv dykk fram :)

Garnet og pinnane er det samme som sist, TrysilGarn, Oda, frå Europris, pinnar 5 og 5,5. For oppskrift, sjå under innlegget "Vesketjuv".


Botnen på veskene ser slik ut

Og veskene vart slik:


Ein sein kveld eg var litt "overtrøtt" fann eg elles ut at veska godt kan fungere som lue også (hihi).

søndag 4. april 2010

Litt meir påske

Til tross for at påska starta med ein sjuk liten gut, så har den vore fin allikevel. Det tok nokre dagar før han var den gode gamle turboen igjen, men no er han i fin form. For eit par veker sidan begynte han å reise seg opp etter ting.(..her går vi frå krypestadiet til opp å stå, liksom....Å få guten til å sitte sjølv er ikkje så lett, han er liksom ikkje interessert i det. Men vi lykkast innimellom, og plutselig ein dag finn han vel ut at det også går an. )

Her har han stolt klart å reise seg opp etter salongbordet til farmora og farfaren.


Det er også blitt ein del farfar-kos i påska.



Onsdag var Hanna på besøk, og då pynta vi litt til påske. Vi var ute og plukka inn bjørk, og Melissa følgde nøye med på Hanna mens ho hengte opp fine egg i kvistane.








Elles har påska gått med til
*trilleturar
*skiturar
*kryssord
*strikking
*riding
*mange familiemiddagar
og for ikkje å gløyme det vi har gjort mest og best: ETE SNOP!

Håper alle har hatt ei fin påske :)