søndag 11. juli 2010

Bryllaupsgåve

Igår var det ei god veninne av meg som gifta seg, og i den anledning fann eg ut at eg skulle strikke ein Sia og ein Mesi til brudeparet...
Eg kom litt seint igang, og sat seine kveldar med siste finish, men syns dei vart ganske kule....
På den minste katten er forbokstavane til brudeparet, A og V fletta inn i kvarandre. Nederst på den store, står datoen med hekla snorer. Ei personleg gåve som eg håper fall i smak :) Det var iallefall eit kjekt bryllaup.

torsdag 8. juli 2010

Matboks frå Blafre :)

Eg har bestilt matboks frå Blafre Design som Nicholas skal bruke i barnehagen. Er den ikkje søt?
I ettermiddag fann eg ut at eg ville prøve sykkelvogna ein tur igjen. Nicholas hadde nettopp sove, og var litt usikker på om han eigentleg hadde lyst å bli med. Hovudgrunnen var nok den fæææle sykkelhjelmen han måtte ha på seg. Og det kan eg forstå, for den er altfor stor...den kan jo strammast inn slik at den sitt på, men sjå da!!!!! Må jo vere kjempetungt og ekkelt med noko som omtrent er større enn han sjølv (liiiitt overdreve, men det er nesten).Hinkel Pinkel som han fekk i bursdagsgåve, fekk også bli med, og når "tutten" kom i munnen, var vi klar :) Vi hadde ein veldig fin tur rundt Rotevatnet, såg både sauer og hestar, og eg sjølv fekk spekt meg litt. Takk for turen, lille venn!

tirsdag 6. juli 2010

Sommarminner

Ein har alltid så store forventningar til sommaren. Då skal ein kose seg, sole seg, gå lettkledd, ete jordbær og is, rekke alt ein ikkje rekk over elles, og reise på ferie. Ofte blir det ikkje heilt slik...her på våre kantar er vi ikkje altfor bortskjemt med fint og varmt vêr, og sommaren går så mykje fortare enn ein har tenkt. Men kosa oss har vi gjort! Vi har fått sola oss bittelitt, gått litt lettkledd, ete jordbær og is, og vi har fått oss ein bitteliten ferietur :)
Det er mykje som skal klaffe før vi kjem oss på ferie. Jan Ove må vere heime (iallefall vis vi skal på familietur), og vi bøøør vel helst ikkje reise midt i slåtten. Sidan det er mine hestar vi lagar høy til, føler eg eit visst press på at eg bør vise litt engasjement.
(her er drengen i aksjon:)
Vi hadde tenkt oss ein tur til Lillehammer helga etter at vi feira svigerfar sin 70 års dag, for då skulle det vere Lillehammer-dagar, og litt som skjedde der. Eg var KJEMPEKLAR. Vi sat ein kveld den veka, og bestemte oss for overnatting og styr, og eg gledde meg enda meir. Så kjem morgonen etter og Jan Ove som seier: "Oj....ej he visst hengetur, ej". Hengetur har dei eit par gonger i året, og dvs at dei må vere parat til å reise ut 14 dagar av friperioden. ÅÅÅÅÅÅ så lei meg eg vart! Når dei to vekene var over, ville det vere to veker att å reise på. Den første i juli, når vi sannsynlegvis var midt i slåtten, og den siste i juli, veka før eg startar på jobb igjen. Var ikkje heeeeilt klar for å reise vekk då, følte eg. Så eg såg føre meg heile ferieturen gå i dass. Skal ikkje mykje til for at eg blir fornøgd, men eit par netter vekke for å lade batteria og sjå noko anna, gjer alltid godt.


Men så ordna det seg då-vi reiste riktig nok midt i slåtten, men det var med god samvittighet og velsignelse frå dei heime :) Det skulle ikkje bli så lett å finne overnatting heller når vi på impuls sat og ringde rundt kvelden før avreise. Alt var fullt nedover "dalane", iallefall hytter med do og dusj, og DET er eit must når ein har ein 1åring! Så det enda med ei leilighet i ein av desse OL-landsbyane på Hafjell/Øyer. Heilt ok. Vi reiste nedover onsdag forrige veke, og torsdag var vi på Hunderfossen. Knallvêr og kjempekjekt. Ikkje så mykje for Nicholas enda, men vi kosa oss berre med å vandre rundt og han storkosa seg i vogna, fekk sett på dyr, ete is, sitte i ein traktor og litt sånn forskjellig.

Fredag var vi på Lilleputthammer. Kjempekoseleg der også. Eg syns Nicholas var litt varm og virka litt pjusk, men trudde først det var på grunn av varmen. Utpå ettermiddagen syns eg han berre vart varmare og varmare. Til slutt fekk vi målt tempen, som viste nesten 40 i feber. Det var ikkje noko kjekt! Ukjent plass, og ein unge som knapt har hatt feber før. Vi fekk snakka med lege etter laaaaang prosess med å få tak i nummer....Slikt burde henge i alle bu-einingane etter mitt syn. Vi fekk beskjed om at han skulle få febernedsetjande så lenge han ikkje hadde andre symptom. Etter ei søvnlaus natt, gjekk feberen ned, men likevel var han ikkje heilt i slag, så vi tok det rolig også laurdagen. Søndag var vi innom Leikeland på Hafjell før vi kjørte heim, men der var det heller ikkje så mykje for sånne heilt små. Men vi hadde tross alt ein fin tur, og det var godt å kome seg litt heimanfrå :)