torsdag 28. oktober 2010

Pixie-lue med hals

Her er huene eg har strikka til Nicholas siste vekene. Oppskrifta har eg funne hos tante T, http://trikoter.blogspot.com/

Den første hua prøvde eg å strikke i noko restegarn eg hadde av Dale Falk. Sidan hua er strikka i dobbelt garn, vart den litt tjukk og stiv i dette garnet. Og stor i størrelsen. Denne hua er str 1 år. Og litt prega av at det er reste-strikk kva fargar angår...
Eg syns hua vart ganske kul, så eg fann ut at eg ville lage ei ny, i eit av garna som var anbefalt hos Tante T. Sidan ho syns pt Panda er det beste, var det dette eg ville bruke, men kjedelege fargar i garnbutikken, gjorde at eg valde Dale Babyull.

Og her er resultatet. Dette garnet er tynnare enn Dale Falk, derfor er denne hua i str 2 år faktisk litt mindre enn den forrige i str 1 år. På denne har eg dessutan hekla ein kant med fastmasker rundt ansiktet.

No held eg på med vottar i same fargar som denne siste hua. Syns dei var så herlege ilag. Ha ei fin helg folkens :)

søndag 24. oktober 2010

Endeleg oppdatering...


Beklager, men eg har vore i dvale sida i sommar når det gjeld blogging. Gjekk litt lei rett og slett...Kan ikkje love så ofte innslag no framover heller, men litt skal det bli.

Status hos oss er at alle fire har det bra....(her er katten inkludert altså). Jan Ove står framfor ei periode med oppussing av stova, og dette skal det sjølvsagt kome litt før og etter bilete av. Nicholas er begynt i barnehage, og storkosar seg der. Han står i senga si om morgonane og ropar "haga", og snakkar om "haga" både i søvne og våken tilstand. Guten er ein kvikkas både i sinn og i skinn, snill og blid men ei klatremus utan like og ei utfordring å kle på. Mange ord er på plass (om ikkje heilt reine), og han forstår meir og meir. Akkurat som ein 1 åring skal vere. Traktorar og alt med motordur er fremdeles lidenskapen. Mor sjølv er tilbake i jobb, om enn NY jobb. Same bransje, same tittel men ny barnehage og 20% redusert stilling. Trives kjempegodt!
Og Melissa Katt....jauda, ho har det bra ho også. Litt "forfulgt" i kvardagen av ein skrålande liten kar som berre vil vere god, men ho taklar det bra og han er blitt flinkare til å behandle ho forsiktig. Så her er alt berre bra.

Vinteren har komt til oss denne veka. Passaten fekk vinterdekk for tre veke sidan då eg og Nicholas var på tur over Strynefjellet ilag med familien min for å feire farfar sin 90 års dag på Lemonsjøen. Idag var det jeepen som skulle skoast, og Nicholas følgde nøye med.....(og fekk følgande kommentar frå papsen..."huska du ditte til neste år no då når du ska gjer d aleine?" Jaja...tidlig krøkast....


Litt handarbeid er det blitt sidan sist....Eg har strikka gråtassgenser til Sander i 2 års presang, og hue til. Genseren gløymde eg å ta bilde av før eg ga den frå meg, men her er hua:

Ellers har eg strikka to huer til Nicholas siste vekene. Den første vart strikka i restegarn, og derfor litt "rar" både i fargevalg og kvalitet...litt tjukk og stiv. (det er den Nicholas har på seg når han skiftar dekk...) Så eg strikka ei ny i "rett" garn og litt meir rolege fargar. Bilete kjem under "handarbeid" ein av nærmaste dagane.