onsdag 23. februar 2011

Årets første skitur

Idag var den første fri-onsdagen min sidan før jul. Eg har jobba 100% ei periode, men er no tilbake i 80% og det er GODT! Idag hadde eg og mamma planlagt ski-tur om det ikkje var altfor kaldt. Det har vore knall-forhold nokre dagar, men for kaldt til å ta ut med pulk. Slik såg det ut idag også, men temperaturen steig utover dagen, og vi bestemte oss for å prøve då kl var 14.
Nicholas er klar i pulken....første tur han kjem til å hugse...var ein stor gut som sat i pulken i dag, ikkje den babyen som sat der i fjor....
Flotte skiforhold innover mot Rotevassdalen. Men ifølge meldingane var dette siste dag for no. Godt vi fekk nyte den.
Mamma og Nicholas.


Hestehornet i bakgrunnen.

Lettare henslengt...kjekspause :)

søndag 13. februar 2011

Morsdag

Gratulerer med dagen, alle flotte mammaer der ute!
Desse flotte rosene fekk eg litt på forskudd på fredag, med eit fint kort frå min kjære son.....(mistenker litt hjelp frå mormora og morfaren her, men koseleg var det likevel. )Papsen er på sjøen nemleg. Og stadig innom her for å sjå etter livsteikn frå oss heime. Og idag var han visst besøkande nr 3000 her inne, og krever dermed belønning....Skal vel finne på eitkvart, hihi.


Fortsatt god søndag til alle!

lørdag 5. februar 2011

Bursdag og byatur

På tirsdag var det tid for å fylle enda eit år....
Min kjære hadde kjøpt denne boka til meg...i tillegg til å diske opp med biff/tilbehør og elles god oppvartning.
På jobb fekk eg denne flotte krona, og gode dessertar, gratulasjonar og klemmar både frå store og små.
Nicholas hadde kjøpt dette fine armbandet til meg...veldig greit med noko som tåler bruk! Så kan eg gå med det heile tida utan å vere redd for at det skal bli øydelagt.
Ellers fekk eg mykje anna fint også, krystall-lysestake som høyrer ilag med to andre som eg fekk til jul, handdukar, gavekort m.m. Det er kjekt med bursdag :)

Igår var Nicholas, mamma og eg i Ålesund. Nicholas var til auge-lege pga sjeling, og det vart konstatert at han må ha briller. Dårlige gener frå mamsen antakeleg....men men. Eg ser på det som ein bagatell i forhold til mykje anna som kan feile desse gulla. Men det er klart; eg fekk sjølv briller når eg var på hans alder, og veit det kan være eit herk. Men vi får gjere det beste ut av det.
Det vart ein tur på Moa etterpå, og der shoppa eg litt til gromguten:
...og til huset....

"never run faster than your guardian angel can fly...."

Hus og fat i sink...skal sette lys på fatet også

Gromguten i ny Tigergutt-selebukse :)