torsdag 27. august 2009

"Den rareste flokken EG har sett...."

Koseleg tur forrige søndag....Meg til hest på Stjerna, Ingvild som tømmekjøre Mai, mor til Ingvild, Sonja som er med som fotograf og Marianne som har med hunden (ponnien???) Alan. Og som den godaste Sid sa i "Istid"..."Det hær e den rareste flokken EG har sett"...hihi...

fredag 21. august 2009

Fantastiske Hermine!

Idag har eg hatt ein fantastisk tur med "lisje-tobba" mi, 4 år gamle Hermine. Eg fekk ho innkjørt til utstillinga i fjor haust, og reid ho også utover hausten 08, men pga mitt svangerskap og dårleg kjemi med ein annan rytter, vart ho ståande utan å bli brukt. Vogn har ho ikkje hatt sidan jul, så eg har valt å ta starten litt forsiktig.

Derfor vart det tømmekjøring som sto på programmet idag. Vi for på tur ilag med Ingvild og 2 års merra hennar, Edel Mai. Eg var litt spent, for bortsett frå ein liten ridetur forrige veke, har eg ikkje hatt Hermine på tur på mange månader. Eg følte derfor ikkje at eg var heilt sikker på korleis ho ville reagere på ulike ting, så eg skal innrømme at eg var noko skit-nervøs der eg tassa etter merra nedover skogsveien.

Eg har dårlege erfaringar frå tidlegare med kombinasjonen hest/tunge køyretøy....Hermine har vore nokonlunde trygg på sånt før, men sidan ho har vore utan trafikk-stimuli siste 8 mnd, var eg litt skeptisk då vi etter kort tid møtte ein stor traktor med hengar....Ein litt usikker hest, litt hopp og sprett, men så roa ho seg fint. Fliiiink! Vi tassa vidare nedover Vassbotnen, og det var ikkje måte på til utfordringar som møtte oss...lastebil som tippa lass, gravemaskiner, enda ein traktor med hengar osb. Og alt gjekk såååå fint! Kjempeflinke hestar gjorde også oss tobeinte rolege, og vi fekk ein kjempefin tur, bortsett frå kraftig regnvêr, som ikkje er så kult utan regnkle. Men det gjorde absolutt ingenting. No veit eg at Hermine er den gode, trygge merra eg "sette frå meg", og eg gler meg til å jobbe med henne utover hausten. Det blir nok ikkje lenge før vi tek sjansen på vogn igjen også.

Gullguten er 2 mnd gammal idag!




tirsdag 18. august 2009

Nicholas...

...har vore på kontroll idag...og måle no


3260 gram

&

50 cm

Ein koseleg sang...

Jeg vil bygge meg en gård
med en hage utenfor.
Eng og åker må der være,
lam og sauer bak et gjerde,
og så bygger jeg til sist,
rødmalt hus med trapp og kvist.
----
Fjøset skal stå like ved.
Der skal være plass til tre
brune kuer som jeg steller
alle morgener og kvelder.
Og i stallen står en hest
som jeg liker aller best.
----
Gjess og høns og gris er bra.
Og et stabbur vil jeg ha.
Der skal stå i lange rekker
fulle tønner, tunge sekker.
Også trenger jeg en pus
som kan fange stabbursmus.
----
Tett ved sjøen vil jeg bo.
Og om kvelden skal jeg ro
ut og se til garn og ruse
for å skaffe mat til huset.
Og så ror jeg hjem til mor,
for hun bor jo der jeg bor

søndag 9. august 2009

Nicholas 7 veker gammal

Nicholas får vitamin-sprøyte av mormor


Nicholas og tante Hanne-Marit


Liiiitt søvnig?