mandag 21. juni 2010

1 års dag

Tenk at lisjeprinsen vår er 1 år idag.....det er heilt utruleg kor fort tida har gått. Får litt flashback av og til, kjenner liksom lukta og atmosfæren frå barsel og neonatal intensiven, følelsane som kom og alle dei rare tankane rundt det heile. Vi var veldig heldige. Ingen komplikasjonar verken der og då eller seinare. Vi har ein gut som utan tvil er ein "oppegåande" kar....ikkje eitt teikn på at han var prematur. Språk, motorikk og alt anna fungerer så absolutt, og det er berre heilt fantastisk godt å sjå. Vi er så uendeleg takknemlege for det vesle underet vårt!

Dagen feira vi med kaker og gele og masse anna godt.
Jan Ove laga gele-traktor....og mamma/mormor kake med gul krem og seigmenn :)...
...mens eg snekra ihop traktorkake....den ovanfor laga eg til idag. Vart IKKJE fornøgd med den, men var heldigare med den eg laga til forrige helg...den under. Her er det snakk om rett konsistens på krem, for å få den "samarbeidsvillig...."
Vi hadde selskap der mormor, tante Hanne-Marit, onkel Ole, Mariell, Hanna og Sander, oldefar, onkel Tom Andrè og Sissel (fadder) var kjekke gjestar. Farmor og farfar var vekke idag, men dei kjem og et kake imorgon.

På føremiddag var kompis Endre og mammaen Alise på besøk, kjempekjekt.

Mange fine gåver er pakka ut....det har gått mykje i køyretøy av den tyngre sorten....Traktorar og lastebilar, gravemaskin og også bøker om samtlege.....Trehjulsykkel, bok om den søte hunden Tassen fall også i god smak hos jubilanten, Hinkel-Pinkel-bamse som snakkar og syng, sandkasseleiker, kle og pengar....Takk alle sammen for flotte gåver og koseleg samvære.

Takk også til dokke som feira ilag med oss forrige helg, då svigerfar var 70 og vi "tjuvfeira" Nicholas litt i same slengen. Takk for kjekk drill som Nicholas fekk med Helene og Andreas & co.

torsdag 17. juni 2010

Små barn, store gleder :)

"Det er ikkje gull alt som glimar", vert det sagt....Motsatt er det ikkje nødvendigvis berre skrap det som ser ut som det heller...
Nicholas er sin unge alder til tross, veldig traktorfrelst. Han vart derfor overlukkeleg då han oppdaga denne "skraphaugen" (sorry, Stig...) like ved huset vårt. Nicholas bryr seg ikkje om at setet er morkna vekk, eller at alle delene som ein gong har vore lause, no er rusta fast. For han er det meir enn svært nok å få sitje på bakhjulet eller tasse rundt og undersøke alt mulig rart....I fantasien er vi nok på traktor-tur både her og der i løpet av ein dag :)
Vi vaksne har nok mykje å lære her av barna....å sjå det store i det enkle, og verdiar der andre ikkje ser dei...
Og når vi først var igang med bondelivet (eigentleg kjeda vi oss veldig....) kom eg plutseleg på at igår når vi trilla rundt vatnet, var der masse sauer langs Stranda. Nicholas sov då, men idag fann eg ut at vi skulle trille bortover dit når han var våken. Sidan det går massevis av folk der kvar dag, er desse sauene mest for "gardsbikkjer" å rekne....Denne søya var først skeptisk og la på øyrene til oss, (og lamma nytta mora sin skepsis til å få seg ein tår...)
men etterkvart fann ho tydelegvis ut at vi var snille....og då var det ikkje måte på til kjærleik....

søndag 6. juni 2010

Kjørekurs for Gunnar Bruland (oppdatert med bilder)

Denne helga har eg deltatt på kurs i køyring (med hest). Sidan Hermine er den av hestane mine som er "kaldast i haudet", vil eg satse på ho som køyrehest. Stjerna er litt meir ustabil og nervøs av seg, og det er greit under rytter, men kan få LITT meir konsekvensar med vogn....om noko skulle skje. Så-eg deltok med Hermine. Eg var litt spent sidan vi ikkje har køyrt så mykje siste halvanna året. Men etter den positive turen for eit par veker sidan, var eg klar for at både eg og hesten skulle lære meir innan dette emnet.
Den første timen hadde eg 09.15. Beate kom og var psykisk støtte til og frå bana, men eg hadde ikkje trengt å bekymre meg. Hermine var kjempeflink, og eg følte at eg begynte å forstå litt meir om korleis eg skal bruke hjelparane for å få hesten til å forstå kva eg vil. Eg har ikkje vore så interessert i køyring før, i og med eg ikkje har hatt ein hest eg har stolt på, og det var så godt å kjenne at tilliten min til Hermine vaks etterkvart som timen gjekk.
Neste økt som var 11.45 køyrde eg til og frå bana aleine, inkludert å kome seg gjennom ei grind som må låsast opp og igjen. Det meste av vegen er på skogsvegen, men på slutten møter ein både trafikk, andre hestar og andre "forstyrrande element". Men vi takla dette fint :)
Om kvelden var det teori der vi snakka ein del om køyring og reflekterte over viktige ting som har med hest og køyring å gjere.
Idag var vi på time ilag med ei anna ekvipasje (hest+kusk) som tømmekjørte. Den hesten var litt nervøs, og det vart gjort ein del miljøtrening i form av t.d. skramlande syrekanne. Eg syns det var heilt fint, for då fekk også Hermine ein del miljøtrening; vere på bana ilag med ein annan hest og mykje lydar og bråk. Eg og ho kosa oss med å kjøre gjennom kjegler (litt bowling vart det, men vi klarte det bra etterkvart), og elles litt rygging og trening på det vi hadde lært.
Eg har hatt ei særs lærerik og fantastisk kjekk helg som gav meirsmak til å lære meir! Hesten min er heilt fantastisk! Det er også mamma som har passa Nicholas og gjort det mulig for meg å delta. Takk også til Ingvild for lån av vogn (mi er så stiv og tung...ønskjer meg NY!)

tirsdag 1. juni 2010

Sia & Mesi

Då er siameser-paret mitt komplett :) Er dei ikkje søte?