torsdag 27. mai 2010

Frå hytte til villa

Slik såg huset vårt ut før:

Og slik ser det ut no:

Huset har så lenge eg kan huske, vore rødt. Det ligg ved ein turveg, og eg hugsa frå eg var lita at eg syns dette huset såg så koseleg ut...Kven skulle vel trudd at eg plutseleg ein dag skulle bu her?
I og med at det alltid har vore slik, er det komt ein del reaksjonar på at vi endra farge. Mest positive :) Sjølv syns vi det vart som natt og dag, eller som svogeren min sa: frå hytte til villa :)
Fargen vi har no heiter lys antikk, og listene er av fargen eggehvit.

Nicholas sin første bil

Eg bestilte denne gå-bilen på www.barneshoppen.no i bursdagsgåve til Nicholas.

Eg syns den var så råstilig :) Den kom idag, og eg kunne ikkje vente med å gi han den, sånn litt på forskudd :)
Og gåva fall i smak, som de ser....
Først må ein sjekke om dekka er av rett kvalitet....

...så er det viktig at den kan trillast, i tilfelle motorstopp....

...og til slutt må doningen prøvekjørast....

Eg må også legge til at istaden for å kome tutelyd, kjem det ekte wrooom'ete formel1-lydar når ein trykker på fløyta!

SKIKKELIG KUL!

søndag 23. mai 2010

Award :)


Takk, Solveig, for at du ga meg denne awarden. Og som eg har skjønt, så skal eg no skrive 7 ting om meg sjølv....
Vel:
*Eg er strikke-/hekle-/scrappe-galen...
*...og like dyre-galen (spesielt glad i hest og katt)
*Eg er den midterste i søskenflokken på 3, men blir oftare tatt for å vere søstra mi enn meg sjølv...
*Har verdens skjønnaste gut på 11 mnd
*Ser lita og uskyldig ut, men berre pass deg (hehe)
*Hadde Russenavnet "Lille My" og blir kalt det enda.
*Hatar slangar

Awarden gir eg vidare til desse flotte bloggarane:
Beate's verden
Ja9tas verden
Annika :o)
Huset ved elva

Keep up the good blogs :)

Tur med hest, vogn og Den Ein-arma Banditten

Eg har grudd meg til denne dagen i 1,5 år. Eigentleg skulle det ikkje gå SÅÅÅ lang tid, men det var heller ikkje planlagt at det skulle skje idag.
Det eg snakkar om er å køyre med Hermine. Eg slutta med det i desember 08 då eg var gravid og ikkje ville ta nokon sjanse. Eg reid og kjørte dei to første månadene, men så ville eg ikkje gamble meir på det. Og sidan det har ikkje Hermine hatt vogn bak seg. Eg skulle gjere det i haust, og eg skulle gjere det når snøen fòr, men så har eg liksom villa hatt med meg ein hjelpar, og det har aldri passa slik. Og så HAR eg grudd meg, for eg rekna med at det kom til å bli litt tull med det samme. Og det ein grur seg for, har ein ofte ein tendens til å utsetje...

Idag tenkte eg å enten ri Stjerna, eller tømmekjøre Hermine. Eg spurte Beate (den ein-arma banditten) om ho ville gå tur ilag med. Ho har skada seg på motorsag då ho hjalp faren i skogen, så ho har nokre fingrar som er litt under "reparasjon". Ho er altså ikkje ein-arma på EKTE, heldigvis. Men har berre ei hand som virkar for øyeblikket....

Altså....Eg tok ut vogna mi, og hadde tenkt å berre tømmekjøre Hermine, rundt vogna, skramle litt med den, tømmekjøre ho over sjekrene, og ha litt miljøtrening rett og slett....Eg hadde ikkje tenkt å spenne på vogna idag, sidan eg eigentleg var aleine.
Men kva skjer? Eg tømmekjører ho rundt vogna og inn mellom sjekrene....og der stiller ho seg opp som om ho har gjort dette kvar dag i årevis. Eg lyfte vogna opp og slapp den i bakken, slik at det skramla...Og Hermine sto støtt som eit fjell, såg litt dumt på meg, som for å spørje: "Kva ventar du på? Skal vi ikkje på tur?" Så då måtte eg jo feste på vogna, då :):):) Hadde ikkje DRØMT om at det skulle vere så enkelt. JUUUUUHUUU. Kjempe-kick! Å så glad eg er!!! Flinke hesten min :)

tirsdag 18. mai 2010

Nicholas sin første 17.mai


Her er karen klar for sitt første barnetog....Vi gjekk under "Andre barn og vaksne" sidan vi ikkje høyrer til nokon barnehage enda. Hovudpersonen sovna forøvrig rett etter at toget starta, og sov seg gjennom heile toget, med tuting og skråling rundt øyrene....


Her er han ilag med søskenbarnet Sander på kakekalas hos mormora.


Karane mine :)


Stramming i matrosdress :)


Venting på at folketoget skulle passere. Det vart forresten så lenge å vente (som Mariell kunne fortelle, så hadde visst korpset gått feil, så gjengen frå idrettslaget måtte innhente dei på rulleski....) at Nicholas sovna frå dette toget også...Jaja. Det går nok fleire tog...(haha...)

Venting på toget ilag med papsen og mormor.

onsdag 12. mai 2010

Ups.....

Dårleg med oppdatering her...Eg har ikkje blogga i mai. Uff og uff...men her går dagane i eitt. Først to veker som sjø-enke, og så to veker som beisings-enke (Jan Ove har holdt på å beise huset sidan han kom heim, innimellom snøbygene har det faktisk vore mulig å male litt)
Men det blir FIIINT. Det triste mørkeraude huset (som forøvrig ALLTID har vore slik, bortsett frå då det var nytt og mørkebrunt) er no lyst og lett og rett og slett lekkert. Bilde kjem når stillas og alt rusk er vekk (og mor har tid og ikkje minst energi til å blogge igjen.)

HA EI FIN LANGHELG, FOLKENS :)