lørdag 23. april 2011

Prematurstrikk

Tidlegare denne veka var det ein artikkel i lokalavisa om ei landsdekkande kampanje for å samle inn strikka huer, labbar og tepper til prematuravdelingane rundt omkring. Av erfaring veit eg at det er veldig små plagg det er snakk om her, og ikkje så lett å få tak i....Og sidan vi "budde" på prematuravdelinga ved Åse Sjukehus i Ålesund 4 veker sommaren 2009, følte eg at dette var noko eg hadde lyst å bidra til. Her er det eg har strikka hittil. Det var faktisk veldig kjekt å strikke dette, og det gjekk fort, sjølv på tynne pinnar. Så det er mulig det blir fleire bidrag herifrå.


Ribbhue og tubesokkar.


Har du lyst til å bidra? Her er oppskrift:



Ribbhue prematur

Legg opp 72 masker på pinnar 2,5 og fordel på 4 pinnar. Strikk ribb med 2 r og 2 vr, 30 omgongar. Deretter felling slik:


1. *2 r, 2 vr, 2 r, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=63 masker


2.*2 r, 2 vr, 2 r, 1 vr*


3.*2 r, 2 vr, 1 r, 2 vr saman*gjenta ut omgongen=54 masker


4.*2 r, 2 vr, 1 r, 1 vr*


5.* 2 r, 2 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=45 masker


6.*2 r, 3 vr*


7.*2 r, 1 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=36 masker


8.*2 r, 2 vr*


9.*2 r saman, 2 vr saman* gjenta ut omg=18 masker


10.*1r, 1 vr*


11.*2 r saman*=9 masker



Klipp av tråden og trekk den gjennom dei resterande maskene. Stram til og fest trådane godt.




Tubesokkar prematur

Legg opp 31 masker på strømpepinnar 2,5. Strikk vrangbord (2 r, 2 vr) i ca 1,5 cm. Deretter skal du forskyve vrangborda 1 maske til venstre, slik: over 2 r, 2 vr strikkast det 1 vr, 2 r, 1 vr. *Strikk 3 omgongar med r over r og vr over vr* Så forskyv du mønsteret 1 maske til venstre igjen, og gjentek mellom *-*. Fortsett med å forskyve mønsteret slik til arbeidet måler ca 15 cm. No strikkast alle vrange masker 2 og 2 saman, strikk deretter 2 omgongar med r over r og vr over vr, og deretter alle maskene 2 og 2 saman. Klipp av tråden, trekk gjennom og fest godt.


Garn: babyull eller superwash-garn (ikkje alpakka pga loing)



onsdag 13. april 2011

Med våren våknar mykje rart til liv....

-meg sjølv inkludert. Produksjonen har ikkje stått stille dei siste månadene, men lysta til å blogge har rett og slett ikkje vore der....Men som sagt, når våren kjem, får ein liksom ny energi... Bloggen måtte også få ein makeover som er våren verdig! Og her er noko av det eg har sysla med i mørke, kalde og sure kveldar:

Odessa-lue


(for mønster sjå http://torillk.sprayblogg.no/220506114300_odessa_lue.html )


foreløpig under utprøving....strikka i Tuva garn frå Euro-pris. Veldig spennande å prøve.


Sauen Shaun

(utan øyrer enn så lenge...men dei kjem!)

(om eg ikkje hadde nemnt det, hadde kanskje ikkje nokon lagt merke til dei ekstremt skitne vindua mine heller.....men sånn er det å ha ein nesten-toåring i hus, og breide vinduskarmar...)


Varm ulldress

(også uferdig...manglar knappar, og så skal eg strikke halsen bittelitt høgre. Og no når våren kom, blir den kanskje ikkje så mykje brukt før til hausten igjen. Men den ser ut til å vere rikelig stor, så det går nok bra).

Den er strikka i Smart, i falsk patent. Tjukk og god og deilig til å ha under f.eks regnkle.

Til sist vil eg ønskje alle ei kjempefin tid framover, våren er komen!!!!