lørdag 26. desember 2009

Jula 2009

Ja så er vi midt oppi det....syns jula egentlig har vart lenge, sikkert fordi eg har gått heime midt oppi all pynten og styret i år.
Jan Ove kom heim lisje-julafta, og då pynta vi tre og gjorde siste innkjøpa, og elles berre kosa oss med tv, pizza og "ei kald ei " i sofaen.
Julafta var vi først ein tur i Vikebygda og åt julefrokost/lunsj. Så fekk eg gjort unna stallarbeidet, sidan Ingvild skulle fôre kvelds. Deretter for vi ut på Håskjold der vi åt middag og overnatta til 1. dag. Sidan vi var 13 stk der, er det vel ikkje så rart at pakke-seremonien tok uendeleg mange timar.....men mykje fint fekk vi :)

Av Nicholas fekk eg det eg hadde ønska meg- "englebarn-smykke". Så kan eg bære englebarnet mitt med meg kvar eg enn går. Syns dei smykka er så utruleg fine :) Mitt er med turkise steinar.
Av Jan Ove fekk eg den andre tingen eg ønska meg mest, Ilse Jacobsen-støvlar :) Treng slikt her på Vestlandet, og då kan ein like gjerne gjere det med STIL! Dvs. eg fekk gåvekort på dei, for det er visst veeeeldig mange fleire som har lyst på slike, så Femina i Ørsta var utsolgt. Men eg kan gjerne vente litt på noko godt....

Elles fekk eg skåler og glas i Rosendal-serien som eg samlar på, skeier i Nora hardangerbestikk som eg også samlar på, fleire koppar av ein sort eg samlar på, og mykje meir fint og nyttig.

Nicholas blir ikkje kle-laus med det første, iallefall ikkje når han når str 74....Kjempemasse tøft fekk han! Han fekk også ein del leiker, og spesial-designa sengesett med brodert navnet sitt på frå den nye butikken på Spinneriet. Takk til alle, både dei eg har nemnt og ikkje. Vi sette stor pris på alt vi har fått.
Jan Ove fekk Police-smykke med meg og ei bok om jakt frå Nicholas. Elles fekk han ein jaktkniv som han vart oppi skyene for, og mykje anna fint.

Igår kom vi heim til oss sjølve i 15-tida, og fekk pakka ut av bilen før det bar vidare på middag i Vikebygda.....men slik er det jo med jula. Veldig mykje familie-kos, og det er kjempekoseleg det, men også litt slitsomt. Så idag har vi ikkje gjort den ting....vertfall ikkje hittil. I skrivande stund ligg Nicholas og søv, og eg og Jan Ove sitt og tastar på kvar sin pc....
Skal fram i Vikebygda og fôre middag til dei tre gule damene litt seinare, men ellers ingen planer. Kanskje ein trilletur? Imorga skal vertfall eg og Merete på ridetur. Så slik går nok romjula, litt sosialt, litt aktivt og uendeleg mykje avslapping og kos.
Ønsker også alle andre som måtte dette innom bloggen min ei RIKTIG GOD ROMJUL :)

onsdag 23. desember 2009

Eit sprøtt stunt rett før jul....

Har lenge vore på utkikk etter ny sal til Hermine, då den ho har er for smal til henne, og for stor i setet til meg....såååå har sikla på denne ei stund, men har ikkje visst kva størrelse eg skulle bestille i bommen. Det vert sagt at Globus-salane og denne er nokså like, så då Ingvild lånte ein globus-sal i str 38, prøvde eg den på Hermine, og det verka som den skal passe bra. Kika på nettet etter brukte globus-salar, men det er ikkje mange å finne med SÅ brei bom...sååå i og med at Hermine no har vore i trening hos Ina Gjerland og fungerar så sinnsjukt bra, slo eg til og bestilte ny sal i og med at ho vil bli mykje brukt framover...Måtte trykke "bestill" med augene lukka FØR eg ombestemte meg...for 8800,- er litt mykje pengar å legge ut no midt i all julegalskapen. Men men. Ny sal måtte vi ha, så får vi berre vere blakke både hesten og eg....(haaahah...blaut spøk....) Har forresten ein Wintec Cair dressur med 4 bomjern til salgs for interesserte!

GOD JUL FOLKENS ;)

søndag 13. desember 2009

Litt advent og litt sånn.....

Gud kor sløv eg har vore å skrive i det siste...men her kjem litt nytt frå oss på Rotset. Dagane fyk avgårde....Nicholas fyller eit halvt år om ei veke, og det er skremmande kor fort tida har gått. Han må vere verdens mest fornøyelige unge trur eg...."Pratar" og pludrar mykje, ler og smiler og viser med heile kroppen at livet er herleg, som berre eit lite barn kan vise det :) Godguten vår! Han søv heile natta og er elles så blid som dagen er lang :)
Nicholas i finstasen, klar for julebord 13.12.09
Julekrybba som Nicholas har fått med si snille farmor
Mariell hjalp meg å bake pepperkaker
Mmmmm....mange gode kaker
Elles kosar vi oss i julepynta hus, har baka alle TO sortane med småkaker (meir blir ikkje ete, so why bother???) og ventar på at papen ska koma heim te jul :) Han skal kome heim lisje-julafta, så vi krysser armar og bein og alt anna for at ikkje det kjem nokon hindringar i vegen.
Far og son i kjent stil ;p
Mamma sin vesle bade-engel :)

Har henta heimatt go-tobba mi Hermine. Meir om det i ein annan blogg.