torsdag 30. april 2009

Familiebilen e på plass :)


Dette gliset vart henta i Molde igår :) Gjett om vi er kjempefornøgde!


torsdag 23. april 2009

Vogn er bestilt....

Det vart til slutt Emmaljunga Smart Duo som vist på biletet under, men i ein annan farge enn her. Vi har bestilt i svart/sølv, såkalt pro titan. Kjempefin. Syns dei fleste vognene har så liten bag....men trur vi skal bli fornøgde med denne. Det er både bagdel, sportsdel, stelleveske og tynn pose inkludert.




Her er eit bilete frå internett, men i annan farge

tirsdag 7. april 2009

Magebilde veke 23

Til alle som har "masa" om magebilde: her er eitt som er tatt for 2 min sidan :) Rykande ferskt!

mandag 6. april 2009

Koselig opphald i Loen

No er det ei stund sidan eg har skrive noko her....har kanskje ikkje vore så mykje å skrive om...Dagane går og det er deilig å kjenne at våren kjem meir og meir for kvar dag.

Eg er akkurat komt heim frå eit utrulig deilig opphald på Hotell Alexandra i Loen, der vi feira at pappa fylte 60 år 15.mars. Vi reiste inn søndag føremiddag, og bada og kosa oss i fleire timar. Kjempegodt å slappe av med ei god bok på solsengene, eller

svømme og "trimme" i bassenget. Tanteungane mine storkosa seg iallefall!!! Vi åt kjempegod middag om kvelden, og kosa oss først med ungane på barnedisco, og så i baren etterpå. Gjekk i alkoholfrie drinkar til meg, Mariell og Hanna, men dei er jo gode dei :) Mandag gjekk også med til bading, for så å vende nasa heim til dyra.

Imorgon er det ei kort vakt på jobb, og så PÅSKEFERIE!!! Det blir deilig :)