Hekla pingvin-kosedyr. Oppskrifta stod i heftet ilag med Pingu-genseren.
Ein liten skjønning som eg alt har hekla to av (Mariell og Hanna var tidleg ute med "bestilling")
Nicholas syns det er veldig kjekt i bassenget, og idag var der så mange andre babyar også.....det var meir interessant å glo på dei, enn å ta leikene som instruktøren kasta uti vatnet....Elles sto vi i ring og song ein del mens vi gjorde ulike øvingar, og det var stor stas. Det einaste "problemet" er den vesle villmannen vår som er så aktiv at mamma har problem med å holde hovudet hans over vatnet.....så han var vel under litt meir enn han skulle, men det verka ikkje som han syns det gjorde så mykje.... VI GLER OSS TIL NESTE GONG :)
Elles regnar det idag :) Siste dagane har det snøva så mykje at det har vore berre herk og vanskeleg med alt. Men idag kjem det ferdig måka, og DET er eg fornøgd med. Så får skiføre vere skiføre, no er eg lei av kvit mark!Mål: ca 17 cm høg og 19 brei.
Legg opp 23 m på p nr 5,5 og strikk 38 omg perlestrikk. Ta opp 19 m langs neste kant, deretter 23 m langs den andre kanten, og 19 m langs den tredje, til sammen blir det 84 m.