onsdag 15. desember 2010

Førjuls-syslar

Sist laurdag baka vi pepperkaker. Må innrømme at det var latmanns-deig vi brukte (ferdig kjøpt) men gode vart dei. Nicholas syns det var mest spennande å ete deig da....det ser vi her...

Men han syns det var gøy å kjevle og stikke ut figurar også.
Idag hadde dei nissefest i barnehagen. Nicholas har fri idag, men fekk kome på sjølve festen. Eigentleg hadde eg tenkt å kle han i ein strikka-bunad som mamma har laga, så kunne han vere fjøsnisse. Men så fann eg ut at det sikkert vart for varmt for han. Så vi kjøpte denne nissedrakta på Euro-pris igår. Det hadde visst gått bra på nissefesten då. Eg var litt spent på om nissen var like populær når han sto i døra, som dei nissane som berre er til pynt. Men det hadde visst gått bra :)

tirsdag 14. desember 2010

Snart jul :)

Det går treigt med oppdateringa her inne...Eg har fleire handarbeidsprosjekt som skal kome etterkvart, men det har vore ei hektisk adventstid og null energi til blogging når kvelden er komen og eg har tid. Eg har også tenkt å legge ut litt bilder av dei flotte, nye stovene våre. Jan Ove har jobba som ein helt dei to siste friperiodene, med god hjelp frå far og brødre. Stovene er betre isolert, nye panelplater og tapet er komne på veggane, og no også splitter nytt golv! Skipsgolv, sjølvsagt. For ikkje å gløyme nye dører. Bilete kjem når det er heilt ferdig her, og pynta til jul. Vi gler oss til å bli heilt ferdige, for det er ikkje til å stikke under ein stol at det er travelt å bu oppi sånt rot....og lite vits å pynte så voldsomt til jul før alt er ferdig. Meeen no er vi snart i mål!

tirsdag 9. november 2010

Farmors småbarnsvottar

Her er oppskrift på dei vottane eg "kopierte" frå eit barn i barnehagen der eg jobbar. Eg har tilpassa den slik at den passar Nicholas, som er ein forholdsvis liten 1-åring. Om du vil prøve deg på vottane, kan du tilpasse antal omgongar o.l. slik at den passar ditt barn :) Lykke til!
Eg har brukt pinnar nr 2,5 og strikka med dobbel tråd i tynn alpakka.

Legg opp 32 masker på strømpepinnar 2,5. Strikk ca 20-25 omgangar vrangbord, 1r, 1 vr.

Eg strikka deretter 12 omgongar rettstrikk før eg sette av seks masker til tommel på ein tråd. Legg opp 6 nye masker og strikk vidare ca 15 omgongar før du feller for tuppen. Det gjorde eg slik: fell i begynnelse på 1. og 3. pinne ved å løfte første maske laust av, strikk den neste maska, og løft den lause maska over. På 2. og 4. pinne strikkar du dei to siste maskene rett sammen. Når det er 8 masker igjen, dra tråden gjennom og fest den.

Til tommel set du maskene som er på tråden over på to pinnar, og tek opp seks masker på motsatt side. Strikk ca 11 omgongar og fell av.
Det første paret eg strikka ser slik ut

Og her er par nr 2...

...sjølsagt med min personlege merkelapp....(Lille My var russenamnet mitt...)

lørdag 6. november 2010

På pinnane for øyeblikket....

Eg har problem med å få små nok vottar til Nicholas....dvs eg har kjøpt gode regnvottar i str 1 år, men dei blir uansett for store og klumpete til at han greier å gjere noko når han har dei på ( i likhet med mange av barna eg ser i jobben min). Så eg fann ut at eg skulle strikke han vottar. Greit at dei blir fort våte, men ull blir ikkje så fort kald, og så får han jo heller ha x antal par å skifte mellom da....

Eg søkte på nettet etter oppskrifter, og kom over denne http://tostrup.net/blog/archives/625

Eg strikka dei med Dale Babyull, men med dobbel tråd. Om det var det som gjor at dei vart litt vèl store, eller om Nicholas berre har lita hand, så vart dei iallefall FOR store. Men eg syns dei vart kjempefine, så dei får heller leggast i forvaring nokre år.....Litt stolt av meg sjølv, for det er første gong eg strikkar slikt mønster. Det var kjekt å strikke desse! Kanskje strikkar eg eit nytt par med enkel tråd, og minskar masketalet litt og ser om det blir betre....men i mellomtida held eg på med eit par i deilig alpakkaull som ei farmor i barnehagen har prøvd seg fram til....Eit heldig barn på avdelinga mi, har ei farmor som prøvde seg fram for å strikke vottar i passeleg størrelse. Desse vottane låg i barnet si hylle ein dag, og eg syns dei var så mjuke og deilige, og så akkruat passe til min Nicholas....så eg gikk igang og telde masker og omgangar for å "kopiere" vottane. Same dag var det farmora som henta barnet, og eg måtte spørje kva garn ho hadde brukt, kva pinnar og om det stemte med masketalet eg hadde komt fram til.
Så no er eg i gang med desse
Eg prøver meg litt fram med oppskrifta, derfor ventar eg med å legge ut oppskrifta før eg er ferdig og fornøgd med størrelsen....då er det lettare å dele med andre :)



Målfrids grove kjeks

Desse kjeksa vart laga av ein kollega av meg forrige veke. Oppskrifta er (imponerande nok) sjølvkomponert, og eg var så heldig å få vite "hemmeligheten", for desse vart virkelig gode!
Så no vil eg dele den med dokke :)

Målfrids Grove Kjeks
400 gram grovt kveitemjøl (sammalt kveite grov)
200 gram fint kveitemjøl
1,5 ts hornsalt

(blandast)


200 gram sukker
2,5 dl vatn
(kokast opp saman?
100 gram Flott matfett (smeltast i det varme vatnet, avkjøl før du tilset det i mjølblandinga)

La deiga kvile i kjøleskapet minst 1 t, evt over natta. Pakk den inn i plast.
Stikk ut kjeksa med td. glas eller figurformer, steik i ovnen på 200 grader midt i ovnen, til dei er gyllenbrune og sprø :)

Kjempegode med smør og ost på, eller slik dei er.

Her er mine kjeks:

torsdag 28. oktober 2010

Pixie-lue med hals

Her er huene eg har strikka til Nicholas siste vekene. Oppskrifta har eg funne hos tante T, http://trikoter.blogspot.com/

Den første hua prøvde eg å strikke i noko restegarn eg hadde av Dale Falk. Sidan hua er strikka i dobbelt garn, vart den litt tjukk og stiv i dette garnet. Og stor i størrelsen. Denne hua er str 1 år. Og litt prega av at det er reste-strikk kva fargar angår...
Eg syns hua vart ganske kul, så eg fann ut at eg ville lage ei ny, i eit av garna som var anbefalt hos Tante T. Sidan ho syns pt Panda er det beste, var det dette eg ville bruke, men kjedelege fargar i garnbutikken, gjorde at eg valde Dale Babyull.

Og her er resultatet. Dette garnet er tynnare enn Dale Falk, derfor er denne hua i str 2 år faktisk litt mindre enn den forrige i str 1 år. På denne har eg dessutan hekla ein kant med fastmasker rundt ansiktet.

No held eg på med vottar i same fargar som denne siste hua. Syns dei var så herlege ilag. Ha ei fin helg folkens :)

søndag 24. oktober 2010

Endeleg oppdatering...


Beklager, men eg har vore i dvale sida i sommar når det gjeld blogging. Gjekk litt lei rett og slett...Kan ikkje love så ofte innslag no framover heller, men litt skal det bli.

Status hos oss er at alle fire har det bra....(her er katten inkludert altså). Jan Ove står framfor ei periode med oppussing av stova, og dette skal det sjølvsagt kome litt før og etter bilete av. Nicholas er begynt i barnehage, og storkosar seg der. Han står i senga si om morgonane og ropar "haga", og snakkar om "haga" både i søvne og våken tilstand. Guten er ein kvikkas både i sinn og i skinn, snill og blid men ei klatremus utan like og ei utfordring å kle på. Mange ord er på plass (om ikkje heilt reine), og han forstår meir og meir. Akkurat som ein 1 åring skal vere. Traktorar og alt med motordur er fremdeles lidenskapen. Mor sjølv er tilbake i jobb, om enn NY jobb. Same bransje, same tittel men ny barnehage og 20% redusert stilling. Trives kjempegodt!
Og Melissa Katt....jauda, ho har det bra ho også. Litt "forfulgt" i kvardagen av ein skrålande liten kar som berre vil vere god, men ho taklar det bra og han er blitt flinkare til å behandle ho forsiktig. Så her er alt berre bra.

Vinteren har komt til oss denne veka. Passaten fekk vinterdekk for tre veke sidan då eg og Nicholas var på tur over Strynefjellet ilag med familien min for å feire farfar sin 90 års dag på Lemonsjøen. Idag var det jeepen som skulle skoast, og Nicholas følgde nøye med.....(og fekk følgande kommentar frå papsen..."huska du ditte til neste år no då når du ska gjer d aleine?" Jaja...tidlig krøkast....


Litt handarbeid er det blitt sidan sist....Eg har strikka gråtassgenser til Sander i 2 års presang, og hue til. Genseren gløymde eg å ta bilde av før eg ga den frå meg, men her er hua:

Ellers har eg strikka to huer til Nicholas siste vekene. Den første vart strikka i restegarn, og derfor litt "rar" både i fargevalg og kvalitet...litt tjukk og stiv. (det er den Nicholas har på seg når han skiftar dekk...) Så eg strikka ei ny i "rett" garn og litt meir rolege fargar. Bilete kjem under "handarbeid" ein av nærmaste dagane.