Jan Ove kom heim lisje-julafta, og då pynta vi tre og gjorde siste innkjøpa, og elles berre kosa oss med tv, pizza og "ei kald ei " i sofaen.
Julafta var vi først ein tur i Vikebygda og åt julefrokost/lunsj. Så fekk eg gjort unna stallarbeidet, sidan Ingvild skulle fôre kvelds. Deretter for vi ut på Håskjold der vi åt middag og overnatta til 1. dag. Sidan vi var 13 stk der, er det vel ikkje så rart at pakke-seremonien tok uendeleg mange timar.....men mykje fint fekk vi :)
Av Nicholas fekk eg det eg hadde ønska meg- "englebarn-smykke". Så kan eg bære englebarnet mitt med meg kvar eg enn går. Syns dei smykka er så utruleg fine :) Mitt er med turkise steinar.
Av Jan Ove fekk eg den andre tingen eg ønska meg mest, Ilse Jacobsen-støvlar :) Treng slikt her på Vestlandet, og då kan ein like gjerne gjere det med STIL! Dvs. eg fekk gåvekort på dei, for det er visst veeeeldig mange fleire som har lyst på slike, så Femina i Ørsta var utsolgt. Men eg kan gjerne vente litt på noko godt....Elles fekk eg skåler og glas i Rosendal-serien som eg samlar på, skeier i Nora hardangerbestikk som eg også samlar på, fleire koppar av ein sort eg samlar på, og mykje meir fint og nyttig.
Nicholas blir ikkje kle-laus med det første, iallefall ikkje når han når str 74....Kjempemasse tøft fekk han! Han fekk også ein del leiker, og spesial-designa sengesett med brodert navnet sitt på frå den nye butikken på Spinneriet. Takk til alle, både dei eg har nemnt og ikkje. Vi sette stor pris på alt vi har fått.
Jan Ove fekk Police-smykke med meg og ei bok om jakt frå Nicholas. Elles fekk han ein jaktkniv som han vart oppi skyene for, og mykje anna fint.
Igår kom vi heim til oss sjølve i 15-tida, og fekk pakka ut av bilen før det bar vidare på middag i Vikebygda.....men slik er det jo med jula. Veldig mykje familie-kos, og det er kjempekoseleg det, men også litt slitsomt. Så idag har vi ikkje gjort den ting....vertfall ikkje hittil. I skrivande stund ligg Nicholas og søv, og eg og Jan Ove sitt og tastar på kvar sin pc....
Skal fram i Vikebygda og fôre middag til dei tre gule damene litt seinare, men ellers ingen planer. Kanskje ein trilletur? Imorga skal vertfall eg og Merete på ridetur. Så slik går nok romjula, litt sosialt, litt aktivt og uendeleg mykje avslapping og kos.
Ønsker også alle andre som måtte dette innom bloggen min ei RIKTIG GOD ROMJUL :)
Kika på nettet etter brukte globus-salar, men det er ikkje mange å finne med SÅ brei bom...sååå i og med at Hermine no har vore i trening hos Ina Gjerland og fungerar så sinnsjukt bra, slo eg til og bestilte ny sal i og med at ho vil bli mykje brukt framover...Måtte trykke "bestill" med augene lukka FØR eg ombestemte meg...for 8800,- er litt mykje pengar å legge ut no midt i all julegalskapen. Men men. Ny sal måtte vi ha, så får vi berre vere blakke både hesten og eg....(haaahah...blaut spøk....) Har forresten ein Wintec Cair dressur med 4 bomjern til salgs for interesserte!









Nicholas var som vanleg roleg og fornøgd under heile gudstenesta, sjølv då han fekk vatn på hovudet. Han var litt våken i benken etterpå, men var då opptatt med å kike på mine søljer. Det var ei stor ære å få bære sin førstefødde til dåpen :)



Tusen takk for alle gåvene, og til alle som gjorde dagen til ei heilt spesiell oppleving.


Gode "emne" er viktig!


Endeleg to dagar på rad med opplett og SOL og blå himmel! Desse dagane har eg nytta til å få fylt opp lungene med frisk luft, og samtidig fått trimma både meg sjølv og den firbeinte eg har att på stallen. (Hermine er for tida hos Ina Gjerland og Atle Henden for trening, då eg innsåg at eg ikkje har nok kapasitet for den intensive treninga ho treng no. ) Så no får eg tid til å ri kun Stjerna ein periode, reknar med Hermine er tilbake om ein månad eller sånn.
Igår var eg og Ingvild på tur med Stjerna og Mai oppover Markaveien. Eg trudde sjølvsagt at når det var opplett så var det også ok å ri utan overtrekksbukse, og med kun ein tynn Devold-genser under boblejakka....men der tok eg feil. Sidan vi reid nedi skogen og attmed elva vart det jo sjølvsagt kaldt...Vi vurderte å bytte da, Invild og eg...sidan ho hadde mykje klede og i tillegg gikk og holdt varmen av den grunn men det vart med tanken. Men det var jo absolutt ein fin tur.
Idag visste eg betre, og hadde varme, gode klede. Vi var ein heil flokk på tur. Eg reid Stjerna, Ingvild taumkjørte Mai, og så var foreldra til Ingvild med og gikk tur ilag med. Stjerna var heilt super idag. Det var den RETTE dagen idag, for å seie det sånn. Stjerna er nemlig litt rar, og eg har sjølv gitt ho diagnosen schizofren. Ho er ein fantastisk fin hest dei dagane ho er som idag, roleg og avbalansert, mens ho neste dag kan vere overnervøs for ALT og berre tulle. Eg finn liksom ikkje nokon samanheng heller, det er ingen forskjell på om ho blir ofte eller sjeldan brukt, om det er fint eller dårleg vêr eller noko anna...Men men. Eg har lært meg å leve med at ho er slik, og for meg er ho "go'tobba" uansett. Det er berre litt vanskeleg å få andre til å ri ho, derfor håpar eg no at Hermine blir slik at andre kan avlaste litt av og til. Vil jo ikkje selge nokon av dei...
...er blitt 3, 5 mnd gammal, og er no 4500 gram og 55 cm! Fortsatt flink å ete, og ein kjempekjekke gut :) 
Det nærmar seg dåp no, to veker att. Men me stressa ikkje nåke, sida me ska ha alt ute blir det mindre å gjer for oss. Kakebakarane har stått i kø, så det blir ikkje så mykje eg trenge å bake sjølv, men litt må eg no bidra med...som f.eks blåbærpai...mmmmmmmmm... Og så har eg laga bordkort, og skal dekorere nokre lys og lage litt koselig på borda. Bilder kjem når det heile er overstått, kan ikkje røpe noko her ;p
