mandag 6. april 2009

Koselig opphald i Loen

No er det ei stund sidan eg har skrive noko her....har kanskje ikkje vore så mykje å skrive om...Dagane går og det er deilig å kjenne at våren kjem meir og meir for kvar dag.

Eg er akkurat komt heim frå eit utrulig deilig opphald på Hotell Alexandra i Loen, der vi feira at pappa fylte 60 år 15.mars. Vi reiste inn søndag føremiddag, og bada og kosa oss i fleire timar. Kjempegodt å slappe av med ei god bok på solsengene, eller

svømme og "trimme" i bassenget. Tanteungane mine storkosa seg iallefall!!! Vi åt kjempegod middag om kvelden, og kosa oss først med ungane på barnedisco, og så i baren etterpå. Gjekk i alkoholfrie drinkar til meg, Mariell og Hanna, men dei er jo gode dei :) Mandag gjekk også med til bading, for så å vende nasa heim til dyra.

Imorgon er det ei kort vakt på jobb, og så PÅSKEFERIE!!! Det blir deilig :)

1 kommentar:

  1. Å kor heldig du e so he vore der :D :D He veldig lyst inn en tur snart ej me:) Berre ej kan bade igjen snart :p

    SvarSlett