onsdag 17. juni 2009

Tvinga til sofalivet.............

Jepp! No er morro'a over....og eg har ordre om å ta det HEEEEILT med ro...ligge mest mulig på sofaen og sjå minst mulig på tv/data og sånne ting som gir haudeverk...Men ka gjer eg ikkje for den lille gulle i magen? Gikk heile forrige veke og var hoven i ansikt, føter og hender....men dette skal jo vere normalt i eit svangerskap, men så var eg til jordmor fredag, og ho fann litt protein i urinen og forhøya blodtrykk. Ho ringde føden, men dei sa at det sikkert holdt at eg kom inn til kontroll mandagsmorgen. Men utpå laurdagen følte eg det vart verre, så ringde føden for å få målt blodtrykket----og enda som innlagt! Samla urin, vart tatt blodprøver av og målt blodtrykk og babyaktivitet jevnlig, men etter to døgn var konklusjonen at JA, blodtrykket er høgt, men det er einaste funn. Så eg fikk lov å reise heim på dei premissar som eg nemnde over, fullstendig ro og beskjed om å ringe så snart eg følte meg verre. No har eg ordinær time på helsestasjonen på fredag, som eg kjem til å ta, sjølv om eg skal på kontroll på sjukehuset på mandag igjen. Betryggande å bli følgt opp så tett da, men kjedelig å berre ligge her :( Men må jo det, så det ikkje utviklar seg til svangerskapsforgiftning....

Så Jan Ove får reise til Hardanger aleine i helga (dvs heile familien hans skal jo då). Han har ikkje lyst å reise frå oss, men eg syns han skal gjere det sidan det er bryllupet til ein bror han sjeldan ser. Eg flyttar fram til foreldra mine mens han er vekke, og dei to neste vekene når han reiser på jobb. Får ikkje og vil ikkje vere aleine, og mamma og pappa er jo ekspertar på evt svangerskapsforgiftning sidan dei har opplevd det 3 gongar....så føler meg trygg der. Får ta med min nye KATTEPUS som kom i hus i forgårs.
Vesle ulldotten Melissa! Heilt vanvittig skjønn og like rabiat :):):) Men det skal ein liten pus på 9 veker vere. Heilt utrulig kor fort ho har funne seg til rette her hos oss. Håper det går like fint når babyen kjem, men det trur eg skal gå heilt fint når ho blir vant med ungen frå ho er lita.


Melissa i hola si....

Her er bilde av vogna. Endeleg er den i hus etter lang bestillingstid!

2 kommentarer:

  1. Oi, skummelt når ting blir litt slik, så du må berre ta det med ro! Dumt det ikkje blir bryllaup på deg, men det kjem nok fleire høve:)

    Lukke til vidare. Det nærma seg med stormskritt no... Klem!

    SvarSlett
  2. Nei kor kjedelig med slike "komplikasjonar" i svangerskapet :s Du får ta det med ro å fylle legens ordre. God bedring vidare!!:)

    SvarSlett