onsdag 23. september 2009

Endelig oppdatering...

Beklager, men det har vore lite aktivitet her i det siste. Sjølv om den lille, skjønne bebisen for det meste er snill og grei, så er det ikkje mykje tid til å setje seg ned med slikt...
Men eg kosar meg med å vere mamma, og følge framskritta han gjer dag for dag.


Nicholas er no 3 mnd gammal! Idag har han vore veldig "pratsom", fekta med arma og bein og laga mange ulike lydar, som for å fortelje noko....Han har også holdt ei rangle heilt aleine idag. Flink gut. Eigentleg skal ein rekne at han er 3 mnd minus dei 7 vekene han var for tidleg, men eg syns han ligg godt i rute utviklingsmessig likevel. Han er begynt å bli "tjukk" og rund....4025 gram og 53 cm på kontroll forrige mandag. Det er komt godt "rukker" på armane og beina, og han har fått ein fin liten pondus-mage :)

Dagane går veldig fort...Vi har stort sett hatt avtalar kvar dag sidan Jan Ove reiste for ei veke sidan, så idag var det godt å berre slappe av og ikkje ha noko vi skulle rekke.
Hausten er over oss for fullt...har vel eigentleg vore det lenge, men no ER det haust! Men ganske koseleg også å sitje inne å høyre kor vinden ruskar rundt hus-nova, og regnet trommar på taket. Koselege mate-stunder inatt, der eg og Nicholas sat i senga og høyrde på ruskevêret...
Likevel håper vi på litt god-vêr snart så ein får nyte dei fine haustfargane skikkeleg!

2 kommentarer:

  1. Nemmen lille babyen <3 Rart å tenke på at han er tre mnd og like stor som nyfødde kan vere!!
    Hadde vore veldig koselig å treffes en dag!!!:) Eg er opptatt eg og som heimeverande, jammen er det travelt :p Hehe!:) Mandag og tirsdagar har eg faste avtalar, ellers er eg "ledig". Sei frå om du har tid ein dag :D

    SvarSlett
  2. Åå, so koslig med eit innlegg igjen frå dokke! Å kor store han he blitt, sjøl om han e kjempeliten endå!

    Må prøve å få helst på en dag ej også. Ha vore koslig. Klem!

    SvarSlett