søndag 23. mai 2010

Tur med hest, vogn og Den Ein-arma Banditten

Eg har grudd meg til denne dagen i 1,5 år. Eigentleg skulle det ikkje gå SÅÅÅ lang tid, men det var heller ikkje planlagt at det skulle skje idag.
Det eg snakkar om er å køyre med Hermine. Eg slutta med det i desember 08 då eg var gravid og ikkje ville ta nokon sjanse. Eg reid og kjørte dei to første månadene, men så ville eg ikkje gamble meir på det. Og sidan det har ikkje Hermine hatt vogn bak seg. Eg skulle gjere det i haust, og eg skulle gjere det når snøen fòr, men så har eg liksom villa hatt med meg ein hjelpar, og det har aldri passa slik. Og så HAR eg grudd meg, for eg rekna med at det kom til å bli litt tull med det samme. Og det ein grur seg for, har ein ofte ein tendens til å utsetje...

Idag tenkte eg å enten ri Stjerna, eller tømmekjøre Hermine. Eg spurte Beate (den ein-arma banditten) om ho ville gå tur ilag med. Ho har skada seg på motorsag då ho hjalp faren i skogen, så ho har nokre fingrar som er litt under "reparasjon". Ho er altså ikkje ein-arma på EKTE, heldigvis. Men har berre ei hand som virkar for øyeblikket....

Altså....Eg tok ut vogna mi, og hadde tenkt å berre tømmekjøre Hermine, rundt vogna, skramle litt med den, tømmekjøre ho over sjekrene, og ha litt miljøtrening rett og slett....Eg hadde ikkje tenkt å spenne på vogna idag, sidan eg eigentleg var aleine.
Men kva skjer? Eg tømmekjører ho rundt vogna og inn mellom sjekrene....og der stiller ho seg opp som om ho har gjort dette kvar dag i årevis. Eg lyfte vogna opp og slapp den i bakken, slik at det skramla...Og Hermine sto støtt som eit fjell, såg litt dumt på meg, som for å spørje: "Kva ventar du på? Skal vi ikkje på tur?" Så då måtte eg jo feste på vogna, då :):):) Hadde ikkje DRØMT om at det skulle vere så enkelt. JUUUUUHUUU. Kjempe-kick! Å så glad eg er!!! Flinke hesten min :)

2 kommentarer:

  1. Åå, så kjekt når det går så overraskande bra, spesielt til noko ein har grudd seg til!!

    SvarSlett