torsdag 17. juni 2010

Små barn, store gleder :)

"Det er ikkje gull alt som glimar", vert det sagt....Motsatt er det ikkje nødvendigvis berre skrap det som ser ut som det heller...
Nicholas er sin unge alder til tross, veldig traktorfrelst. Han vart derfor overlukkeleg då han oppdaga denne "skraphaugen" (sorry, Stig...) like ved huset vårt. Nicholas bryr seg ikkje om at setet er morkna vekk, eller at alle delene som ein gong har vore lause, no er rusta fast. For han er det meir enn svært nok å få sitje på bakhjulet eller tasse rundt og undersøke alt mulig rart....I fantasien er vi nok på traktor-tur både her og der i løpet av ein dag :)
Vi vaksne har nok mykje å lære her av barna....å sjå det store i det enkle, og verdiar der andre ikkje ser dei...
Og når vi først var igang med bondelivet (eigentleg kjeda vi oss veldig....) kom eg plutseleg på at igår når vi trilla rundt vatnet, var der masse sauer langs Stranda. Nicholas sov då, men idag fann eg ut at vi skulle trille bortover dit når han var våken. Sidan det går massevis av folk der kvar dag, er desse sauene mest for "gardsbikkjer" å rekne....Denne søya var først skeptisk og la på øyrene til oss, (og lamma nytta mora sin skepsis til å få seg ein tår...)
men etterkvart fann ho tydelegvis ut at vi var snille....og då var det ikkje måte på til kjærleik....

3 kommentarer:

  1. Så morsomt med den der sauen!! Har sjeldan sett dei så nærgåande!! Men det med traktoren kjenner eg veldig godt igjen... Kjekk tur dåke hadde iallefall!

    SvarSlett
  2. Så herlige bilder, og spesielt det siste!! :)

    SvarSlett
  3. kjekt det e fleire som e traktorfrelste, hihi! ;) Fine bilder, kjekt med dyr! :D

    SvarSlett