Det har igrunn vore ein rar sommar...foruten ei veke i månadsskiftet mai-juni (då vi var i Bulgaria), har familien Hoggen/Hansen kun hatt ei veke ferie ilag alle tre. Det er ikkje blitt dei store utfluktene denne sommaren, og vêret heime har vore mildt sagt tragisk. Skodde, skodde og skodde. Og regn...!
Den veka vi hadde ilag, var vi nokre dagar på
hytta vår på Rotevassetra. 

Ein som ikkje stussar på å bade i ei iskald fjell-elv...men faktisk var det sol og varmt denne eine dagen :)


mens fiskarmannen prøvde lykka (med minimalt hell som du ser...)
Og når papen reiste på jobb att, tok Nicholas og eg med oss mormor, onkel Jon-Martin og tante Runa til Atlanterhavsparken i Ålesund.


Skilpadder

Fôring av fiskane

"Hei, sikk (fisk)"
Vi såg også pingvinar, men sidan kameraet mitt fekk solstikk i syden, virkar ikkje zoomen...
Idag har vi vore på
Erdalen Gard i Barstadvika

Her er lamaen Julianne

og ein ponni

Nicholas matar geitene med lauv

høner og moskusender


Grisar

...og det nest gjevaste av alt på garden (det aller gjevaste var sjølvsagt ein massey ferguson), Anda Donald Duck dukkar hovudet i badekaret (det gjer nemlig Nicholas også heime, så det syns han var kjempetøft )

Nicholas og mormor kosar seg med sveler!