fredag 12. august 2011

Baby-sneakers




Fann oppskrift på baby sneakers på http://www.etsy.com/



Desse hekla eg til guten til søskenbarnet mitt som fekk dei i kombinert fødsels/dåpsgåve. Sidan pappaen til dåpsbarnet heiar på BodøGlimt, syns eg dette vart ei passande gåve.


Desse er hekla i lerke, på nål nr 4. Eg brukte dobbel tråd, noko som gjorde dei litt større og stivare enn om eg brukte enkel tråd. Enkel tråd brukar eg til dei aller minste, som då blir mjukare å ha på foten.


Veldig kjekke å lage :)

Hjelp....

Noko har skjedd slik at eg verken får kommentert min egen blogg eller andre sin....Nokon som veit kva som kan vere problemet? Data er kult så lenge ein heng med i svingane, men no fattar eg ingenting....

Uansett-takk til dokke som skriv kjekke kommentarar på blogginnlegga mine...eg får berre ikkje takka dokke der og då :)