Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg

fredag 12. august 2011

Baby-sneakers




Fann oppskrift på baby sneakers på http://www.etsy.com/



Desse hekla eg til guten til søskenbarnet mitt som fekk dei i kombinert fødsels/dåpsgåve. Sidan pappaen til dåpsbarnet heiar på BodøGlimt, syns eg dette vart ei passande gåve.


Desse er hekla i lerke, på nål nr 4. Eg brukte dobbel tråd, noko som gjorde dei litt større og stivare enn om eg brukte enkel tråd. Enkel tråd brukar eg til dei aller minste, som då blir mjukare å ha på foten.


Veldig kjekke å lage :)

tirsdag 24. mai 2011

Meir prematurstrikk

Her er mitt bidrag til prematuravdelinga i Ålesund, 2 par tubesokkar, to huer og eit teppe. Fristen var satt til 1.juni, så eg har stressa litt for å bli ferdig. No ser eg at det også er satt fristar til oktober og desember, så kanskje blir det meir...vi får sjå.


lørdag 23. april 2011

Prematurstrikk

Tidlegare denne veka var det ein artikkel i lokalavisa om ei landsdekkande kampanje for å samle inn strikka huer, labbar og tepper til prematuravdelingane rundt omkring. Av erfaring veit eg at det er veldig små plagg det er snakk om her, og ikkje så lett å få tak i....Og sidan vi "budde" på prematuravdelinga ved Åse Sjukehus i Ålesund 4 veker sommaren 2009, følte eg at dette var noko eg hadde lyst å bidra til. Her er det eg har strikka hittil. Det var faktisk veldig kjekt å strikke dette, og det gjekk fort, sjølv på tynne pinnar. Så det er mulig det blir fleire bidrag herifrå.


Ribbhue og tubesokkar.


Har du lyst til å bidra? Her er oppskrift:



Ribbhue prematur

Legg opp 72 masker på pinnar 2,5 og fordel på 4 pinnar. Strikk ribb med 2 r og 2 vr, 30 omgongar. Deretter felling slik:


1. *2 r, 2 vr, 2 r, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=63 masker


2.*2 r, 2 vr, 2 r, 1 vr*


3.*2 r, 2 vr, 1 r, 2 vr saman*gjenta ut omgongen=54 masker


4.*2 r, 2 vr, 1 r, 1 vr*


5.* 2 r, 2 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=45 masker


6.*2 r, 3 vr*


7.*2 r, 1 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=36 masker


8.*2 r, 2 vr*


9.*2 r saman, 2 vr saman* gjenta ut omg=18 masker


10.*1r, 1 vr*


11.*2 r saman*=9 masker



Klipp av tråden og trekk den gjennom dei resterande maskene. Stram til og fest trådane godt.




Tubesokkar prematur

Legg opp 31 masker på strømpepinnar 2,5. Strikk vrangbord (2 r, 2 vr) i ca 1,5 cm. Deretter skal du forskyve vrangborda 1 maske til venstre, slik: over 2 r, 2 vr strikkast det 1 vr, 2 r, 1 vr. *Strikk 3 omgongar med r over r og vr over vr* Så forskyv du mønsteret 1 maske til venstre igjen, og gjentek mellom *-*. Fortsett med å forskyve mønsteret slik til arbeidet måler ca 15 cm. No strikkast alle vrange masker 2 og 2 saman, strikk deretter 2 omgongar med r over r og vr over vr, og deretter alle maskene 2 og 2 saman. Klipp av tråden, trekk gjennom og fest godt.


Garn: babyull eller superwash-garn (ikkje alpakka pga loing)



torsdag 13. januar 2011

Strikketøybag

Denne herlege strikketøy-bagen har eg bestilt frå Vanella, ein butikk eg fann på www.epla.no
Eg syns det verka genialt med ei eiga strikketøyveske, og falt for det søte sauemønsteret! Det høyrer også til pinne-etui i same mønster :)
For øyeblikket er det koppe-tvåger (klutar) som er på pinnane....i litt ulikt mønster. Artig og funksjonelt!
Eg vil anbefale alle å ta ein tur innom www.epla.no Der er det butikkar med heimelaga ting av alt mellom himmel og jord. Verdt ein titt!



onsdag 5. januar 2011

Ullbukse i ribbestrikk

Ein ekstra kald vinter inspirerte meg til å strikke ei varm bukse til gullungen. Eg fekk oppskrifta med ein kollega, men strikka den på litt tynnare pinna enn i oppskrifta. Denne er strikka på p nr 4 (istaden for 5) i dobbel Dale baby ull. Eg trur denne blir god å ha i barnehagen og ellers også.
Framme...
...og bak :)

lørdag 1. januar 2011

Blå siameser

Denne strikka eg i julegåve til svigermor. Artig å prøve ut forskjellige fargar. Tidlegare har eg strikka katt i grønt, kvitt, grått og lilla. Fine på kvar sin måte (sjå tidlegare innlegg). Miao!!!


tirsdag 9. november 2010

Farmors småbarnsvottar

Her er oppskrift på dei vottane eg "kopierte" frå eit barn i barnehagen der eg jobbar. Eg har tilpassa den slik at den passar Nicholas, som er ein forholdsvis liten 1-åring. Om du vil prøve deg på vottane, kan du tilpasse antal omgongar o.l. slik at den passar ditt barn :) Lykke til!
Eg har brukt pinnar nr 2,5 og strikka med dobbel tråd i tynn alpakka.

Legg opp 32 masker på strømpepinnar 2,5. Strikk ca 20-25 omgangar vrangbord, 1r, 1 vr.

Eg strikka deretter 12 omgongar rettstrikk før eg sette av seks masker til tommel på ein tråd. Legg opp 6 nye masker og strikk vidare ca 15 omgongar før du feller for tuppen. Det gjorde eg slik: fell i begynnelse på 1. og 3. pinne ved å løfte første maske laust av, strikk den neste maska, og løft den lause maska over. På 2. og 4. pinne strikkar du dei to siste maskene rett sammen. Når det er 8 masker igjen, dra tråden gjennom og fest den.

Til tommel set du maskene som er på tråden over på to pinnar, og tek opp seks masker på motsatt side. Strikk ca 11 omgongar og fell av.
Det første paret eg strikka ser slik ut

Og her er par nr 2...

...sjølsagt med min personlege merkelapp....(Lille My var russenamnet mitt...)

lørdag 6. november 2010

På pinnane for øyeblikket....

Eg har problem med å få små nok vottar til Nicholas....dvs eg har kjøpt gode regnvottar i str 1 år, men dei blir uansett for store og klumpete til at han greier å gjere noko når han har dei på ( i likhet med mange av barna eg ser i jobben min). Så eg fann ut at eg skulle strikke han vottar. Greit at dei blir fort våte, men ull blir ikkje så fort kald, og så får han jo heller ha x antal par å skifte mellom da....

Eg søkte på nettet etter oppskrifter, og kom over denne http://tostrup.net/blog/archives/625

Eg strikka dei med Dale Babyull, men med dobbel tråd. Om det var det som gjor at dei vart litt vèl store, eller om Nicholas berre har lita hand, så vart dei iallefall FOR store. Men eg syns dei vart kjempefine, så dei får heller leggast i forvaring nokre år.....Litt stolt av meg sjølv, for det er første gong eg strikkar slikt mønster. Det var kjekt å strikke desse! Kanskje strikkar eg eit nytt par med enkel tråd, og minskar masketalet litt og ser om det blir betre....men i mellomtida held eg på med eit par i deilig alpakkaull som ei farmor i barnehagen har prøvd seg fram til....Eit heldig barn på avdelinga mi, har ei farmor som prøvde seg fram for å strikke vottar i passeleg størrelse. Desse vottane låg i barnet si hylle ein dag, og eg syns dei var så mjuke og deilige, og så akkruat passe til min Nicholas....så eg gikk igang og telde masker og omgangar for å "kopiere" vottane. Same dag var det farmora som henta barnet, og eg måtte spørje kva garn ho hadde brukt, kva pinnar og om det stemte med masketalet eg hadde komt fram til.
Så no er eg i gang med desse
Eg prøver meg litt fram med oppskrifta, derfor ventar eg med å legge ut oppskrifta før eg er ferdig og fornøgd med størrelsen....då er det lettare å dele med andre :)



torsdag 28. oktober 2010

Pixie-lue med hals

Her er huene eg har strikka til Nicholas siste vekene. Oppskrifta har eg funne hos tante T, http://trikoter.blogspot.com/

Den første hua prøvde eg å strikke i noko restegarn eg hadde av Dale Falk. Sidan hua er strikka i dobbelt garn, vart den litt tjukk og stiv i dette garnet. Og stor i størrelsen. Denne hua er str 1 år. Og litt prega av at det er reste-strikk kva fargar angår...
Eg syns hua vart ganske kul, så eg fann ut at eg ville lage ei ny, i eit av garna som var anbefalt hos Tante T. Sidan ho syns pt Panda er det beste, var det dette eg ville bruke, men kjedelege fargar i garnbutikken, gjorde at eg valde Dale Babyull.

Og her er resultatet. Dette garnet er tynnare enn Dale Falk, derfor er denne hua i str 2 år faktisk litt mindre enn den forrige i str 1 år. På denne har eg dessutan hekla ein kant med fastmasker rundt ansiktet.

No held eg på med vottar i same fargar som denne siste hua. Syns dei var så herlege ilag. Ha ei fin helg folkens :)

søndag 11. juli 2010

Bryllaupsgåve

Igår var det ei god veninne av meg som gifta seg, og i den anledning fann eg ut at eg skulle strikke ein Sia og ein Mesi til brudeparet...
Eg kom litt seint igang, og sat seine kveldar med siste finish, men syns dei vart ganske kule....
På den minste katten er forbokstavane til brudeparet, A og V fletta inn i kvarandre. Nederst på den store, står datoen med hekla snorer. Ei personleg gåve som eg håper fall i smak :) Det var iallefall eit kjekt bryllaup.

tirsdag 1. juni 2010

Sia & Mesi

Då er siameser-paret mitt komplett :) Er dei ikkje søte?

mandag 26. april 2010

Miao!

Den eine siameseren er ferdig :)
Og den ser slik ut:


Fin eller?
Garn og oppskrift er frå Mikk-L Design som dokke finn link til i lista over bloggar eg les. Mykje artig, verdt ein titt :)

tirsdag 13. april 2010

Endelig pakke fra Mikk-L design :)

Eg kom over ei nettside på facebook, som heiter Mikk-L design (sjå link under bloggar eg les)Her er det masse artige figurar ein kan strikke, og eg fall for eit par siameser-kattar, Sia og Mesi. Desse ville eg strikke. Eg bestilte garn før påske, men av ein eller annan grunn er pakken komen vekk i posten. Så eg har venta og venta, og tok kontakt med selgar, som igår sende ny pakke med express! Tusen takk for god service!
Her er garnet: det skal strikkast ein kvit og ein grøn og tovast.


Mens eg venta på pakken, måtte eg ha noko mellom fingrane, og det vart strikka eit par sokkar som høyrer til Pingu-genseren. Og så er eg i gang med bukse til. I oppskrifta er buksa kvit med turkis mønster nede, men eg syns desse to fargane var så flotte ilag, og at kvit bukse på ein eitt-åring berre fungerar på eit oppstilt fotograf-bilde i ei strikke-katalog!

Egentlig likar eg å avslutte eit arbeid før eg startar på eit nytt, men eg veit ikkje om eg greier å vente til eg har strikka buksa ferdig før ej begynner på kattane.....Men kanskje det kan vere greitt å ha to strikk å veksle mellom, eitt med tynne (2,5) og eitt med tjukke (7) pinnar....? Bilder kjem når dei er ferdige.

mandag 5. april 2010

Fleire vesker...

Då Mariell og Hanna (tantejentene mine) såg den brunspraglete veska eg strikka for nokre veker sidan, kom det: "Åååå, kan du strikke sånn til oss?" Og kva anna kan ein vel seie då, enn: "Ja, klart eg skal gjere det...."

Veskene er strikka etter same oppskrift som den brune, anna enn at eg gløymde meg og strikka glattstrikk (kun rette masker) der det skal vere 1 r, 1 vr, altså etter at botnen er strikka og ein byrjar på sjølve veska. Men eg syns igrunn det vart finare, pluss at veskene vart "fastare" og betre å handtere. Då er altså begge deler prøvd, og om nokon av mine lesarar vil prøve, så veit de at begge måtane fungerer. Prøv dykk fram :)

Garnet og pinnane er det samme som sist, TrysilGarn, Oda, frå Europris, pinnar 5 og 5,5. For oppskrift, sjå under innlegget "Vesketjuv".


Botnen på veskene ser slik ut

Og veskene vart slik:


Ein sein kveld eg var litt "overtrøtt" fann eg elles ut at veska godt kan fungere som lue også (hihi).

søndag 28. mars 2010

Pingu-kosedyr


Hekla pingvin-kosedyr. Oppskrifta stod i heftet ilag med Pingu-genseren.
Ein liten skjønning som eg alt har hekla to av (Mariell og Hanna var tidleg ute med "bestilling")

søndag 14. mars 2010

Vesketjuv....

Idèen har eg stole frå svigerinna mi, Anette, og oppskrifta er stolen frå bloggen/nettbutikken "Strikk innom". Likevel følte eg at det vart litt mitt eige eksperiment.....Ein tek litt her og litt der og lagar det til sitt eige liksom...

Garnet som var brukt i den opprinnelege oppskrifta, måtte kjøpast/bestillast frå nettbutikken. Det heiter Bamboozle, frå Crystal Palace. Eg er ei utolmodig sjel og ville kome igang med det samme. Turen gjekk til Euro Pris, der eg fann garn og pinnar i passe størrelse.

OPPSKRIFT

Garn: Trysil Garn, Oda (EuroPris)

Pinnar: 5 og 5,5 (brukt her)

Mål: ca 17 cm høg og 19 brei.


Legg opp 23 m på p nr 5,5 og strikk 38 omg perlestrikk. Ta opp 19 m langs neste kant, deretter 23 m langs den andre kanten, og 19 m langs den tredje, til sammen blir det 84 m.

Strikk ca 10 cm ribbestrikk (1r, 1vr) og deretter ca 6 omg perlestrikk igjen.
Skift til pinne nr 5 og strikk ein omgong til med perlestrikk.
Hol til snor: strikk 6 m perlestrikk, 2 vr sammen, kast. Fortsett til du har 10 hol, og strikk perlestrikk ut omg. Strikk 2 omg perlestrikk og fell av.
Snora strikka eg slik: Legg opp 3 m på p nr 5. Istaden for å snu pinnen og starte i den enden tråden er, skal ein etter å ha strikka 3 m halde pinnen som før, men ta tråden på baksida av arbeidet/pinnen og starte på den første m igjen. Stram til mellom kvar omg slik at snora blir rund.
Snora kan også heklast (sjå den opprinnelege oppskrifta, http://garn.poppyfield.net/monstre/bamboozleveske.htm)



fredag 5. mars 2010

Kreativt!

Dette er eit babyteppe som eg skal gi vekk. Det var tenkt til eit vognteppe, men vart litt større enn eg hadde tenkt, så det kan enten leggast dobbelt og ha på vogna, eller det kan brukast som koseteppe.
Oppskrifta står i ei bok som heiter "Ein mjuk start", der det er mange fine babyoppskrifter. I boka er det mange ulike mønstervariantar, men eg valde denne som eg trur heiter sjakkruter, eller dobbel perlestrikk er det vel eigentleg.


Så vart den mykje omtala Pingu-genseren ferdig! Den er strikka i str 1 år, så det var ingen hast såleis....men litt spennande er det jo å sjå korleis det ferdige produktet blir. Det eg var mest spent på var om eg skulle greie å hekle pingvinen, for hekling er virkelig ikkje mi sterke side. Har prøvd litt før, men aldri skjønt det der med luftmasker, kjedemasker, halv- og heilstavar osb. MEN no måtte eg nesten gjere eit seriøst forsøk, for Pingu-genser uten Pingu....neeeei....det går ikkje.
Men ved hjelp av Dr. Google, og DROPS hekleskole, fekk eg losa meg gjennom oppskrifta og alle maskene, og resultatet vart ikkje så verst. Nokre egenkomponerte masker har eg nok innimellom, laga i øyeblikk der tankane har vore ein annan plass og fingrane har jobba på eiga hand.....men det gjer jo berre denne pingvinen HEILT spesiell. Ingen har maken :)


Det høyrer også bukse, hue og sokkar til. Buksa er kvit på oppskrifta, men eg syns det blir så skitsomt, så får sjå om eg strikkar ei i turkis kanskje. Hua trur eg at eg droppar i første omgong, men sokkane er eg såvidt begynt å legge opp....må jo ha NOKO å gjer på kveldane....



fredag 15. januar 2010

Makramè-armband

Etter å ha fått vårens PANDURO-katalog, fekk eg så lyst å lage slike makramè-armband, eller "Lykkearmband" som dei også kallast. Dei har visst vore populære lenge, så eg er litt treig med å følge moten, men men...
Planen var å handle på postordre, men sidan vi var i Ålesund igår, og der er ein super bokhandel på Amfi (Bok & Media) som har MASSE panduro og hobby-stuff, så handla eg litt der. Men der var ganske utplukka då, så eg kjøpte ikkje så mykje.
Dei gratis forklarings-hefta eg fekk var temmelig elendige, så eg knøda litt før eg fekk det til, men resultata vart BRA om eg skal seie det sjølv. Det største problemet var å få perlene inn på snora, både den tynne eg kjøpte ( 1 mm) og den tjukke (2 mm), men etter katalogen å dømme er det desse materiala som er brukt....Men med mykje smelting av trådendar med lighter, litt brende fingrar og mindre fine gloser, gjekk det :) Kanskje det berre er eg som ikkje har teknikken heilt i orden. Men ein ting er sikkert ; meir blir det handla, men på postordre. Enklare å få oversikta i katalogen enn i butikken....
Slik vart dei:







fredag 27. mars 2009

Små strikkeprosjekt...

Litt må en no lage når en venta baby... ka eg kan bruke til min, og kva som evt blir gaver får vi vente å sjå. Noko er jo kjønnsnøytralt, men må jo lage litt blått og rosa også...
Dette er ein vognpose/bilpose med snøring nede, påsydde vottar, hette og tilhøyrande hue. Strikka i Ara/Babyull.
Strikka hue med på sydde perler og silkeband framme. Fargen lyg på bildet, skal vere ein søt, lys babyrosa :)

Samme som over i gutemodell, og sjølvsagt utan perlene...Her med Mr. Lampe som modell....
Kvite og blå: Madam Møller babysokkar. Kjempe-enkle å strikke.

Blå: Labbar utan hæl....strikka i spiralmønster. Kan også brukast som vottar.

Held også på å brodere eit teppe, og har planer om å hekle eit også. Idag har eg lært meg sjølv å hekle via internett!!!! Ikkje verst...