Tidlegare denne veka var det ein artikkel i lokalavisa om ei landsdekkande kampanje for å samle inn strikka huer, labbar og tepper til prematuravdelingane rundt omkring. Av erfaring veit eg at det er veldig små plagg det er snakk om her, og ikkje så lett å få tak i....Og sidan vi "budde" på prematuravdelinga ved Åse Sjukehus i Ålesund 4 veker sommaren 2009, følte eg at dette var noko eg hadde lyst å bidra til. Her er det eg har strikka hittil. Det var faktisk veldig kjekt å strikke dette, og det gjekk fort, sjølv på tynne pinnar. Så det er mulig det blir fleire bidrag herifrå.
Ribbhue og tubesokkar.
Har du lyst til å bidra? Her er oppskrift:
Ribbhue prematur
Legg opp 72 masker på pinnar 2,5 og fordel på 4 pinnar. Strikk ribb med 2 r og 2 vr, 30 omgongar. Deretter felling slik:
1. *2 r, 2 vr, 2 r, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=63 masker
2.*2 r, 2 vr, 2 r, 1 vr*
3.*2 r, 2 vr, 1 r, 2 vr saman*gjenta ut omgongen=54 masker
4.*2 r, 2 vr, 1 r, 1 vr*
5.* 2 r, 2 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=45 masker
6.*2 r, 3 vr*
7.*2 r, 1 vr, 2 vr saman* gjenta ut omgongen=36 masker
8.*2 r, 2 vr*
9.*2 r saman, 2 vr saman* gjenta ut omg=18 masker
10.*1r, 1 vr*
11.*2 r saman*=9 masker
Klipp av tråden og trekk den gjennom dei resterande maskene. Stram til og fest trådane godt.
Tubesokkar prematur
Legg opp 31 masker på strømpepinnar 2,5. Strikk vrangbord (2 r, 2 vr) i ca 1,5 cm. Deretter skal du forskyve vrangborda 1 maske til venstre, slik: over 2 r, 2 vr strikkast det 1 vr, 2 r, 1 vr. *Strikk 3 omgongar med r over r og vr over vr* Så forskyv du mønsteret 1 maske til venstre igjen, og gjentek mellom *-*. Fortsett med å forskyve mønsteret slik til arbeidet måler ca 15 cm. No strikkast alle vrange masker 2 og 2 saman, strikk deretter 2 omgongar med r over r og vr over vr, og deretter alle maskene 2 og 2 saman. Klipp av tråden, trekk gjennom og fest godt.
Garn: babyull eller superwash-garn (ikkje alpakka pga loing)