onsdag 23. september 2009

Melissa Katt



Melissa då vi fekk henne

Syns nesten Melissa må få sin eigen etikett....Den vesle kattungen som kom til oss ei veke før Nicholas kom til verda og måtte bu ein mnd i "fosterheim" med foreldra mine i Vikebygda. Ikkje verst det når ho fikk eiga kjellar-leilighet :)

Melissa si mamma er halvt perser, og ho har derfor veldig flott og "fluffy" pels. Får Royal Canin fôr for å holde den ekstra fin.

Ho har absolutt ei artig personlegheit....kosete som berre det, begynner å male berre ein snakkar til ho, og ho svarar tilbake også :)

Når ho er ute og finn ut at ho vil inn, gidd ho ikkje å sitje og mjaue utfor døra...nei ho hoppar like gjerne opp og henger seg fast på lista under vinduet på terrassedøra....der heng ho og kikar inn til nokon ser ho (eller høyrer krafsinga når ho heng der og dinglar...)

Her ein kveld eg kom heim litt seint, fann eg ho ikkje igjen. Ho ligg inne enda sidan ho er så lita, men den kvelden måtte eg berre gi opp å finne henne. Eg ropte på ho kvar gong eg var oppe med Nicholas iløpet av natta, men ingen katt var å finne...MEN dagen etter når eg sto og prata med naboen, fekk ho auge på katten: vandrande rundt på dash-bordet i bilen. Ho hadde altså sneke seg inn i bilen mens eg tok ut Nicholas kvelden før, og der hadde eg stengt ho inne...heldigvis hadde ho ikkje gjort frå seg! Etter den episoden skulle ein tru ho hadde lært, men neida. Ho er berre blitt enda meir bitt av basillen. Alle som er her med bil må sjekke bilen før dei køyrer herifrå, det er nære på ho har blitt med heim (også dei som har STOR hund i bilen)...og når Jan Ove sota vindu på jeepen, låg katten i baksetet med beina i været og sov...
Her les ho "Møre"

Av andre ting ho har funne på er bl.a. å legge seg til å sove INNI ein plastpose. Og fleire rare påfunn blir det nok :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar