lørdag 21. november 2009

Ein artig dag :)

Idag har Nicholas vore i badebasseng for første gong. Eg og han var med systra mi og ungane på familiebading i varmtvannsbassenget og det likte han kjempegodt. Var litt usikker på om han var klar for det med tanke på at han var tidleg fødd (det vert jo sagt frå dei er 3 mnd gamle) men eg tenkte eg ville prøve. Det gikk kjempefint og vi kjem til å gjere det mange gongar framover.

Elles fyller godguten 5 mnd idag. HIPP HIPP HURRA! Tida går jammen så fort atte! Han har fått julegåve frå mams og paps litt på forskudd. Sida vi skal vere på Håskjold julafta, med 3 ungar til og sikkert eit tonn med pakkar, fann vi ut at den DIGRE pakken frå oss til Nicholas like gjerne kunne takast i bruk no, sidan 1) vi kjem ikkje til å ta den med dit på julafta likevel, 2) han merkar ikkje om han får den no istaden for på julafta, og 3) han har bruk for den frå no av. Jo, det er ein ny babygym :) Den han hadde var arvegods og lite stimulerande. Så no har han fått ein stor gym med mykje dill og til og med musikk. Og gjett om han er "vill i nikkersen" på den. Kjempestas. Snur seg no rundt frå mage til rygg og rygg til mage innimellom, trengs nok litt meir teknikk-trening ;) Men det kjem nok. Og han akar seg rundt på matta og dreg i leikene. Kjekt at alt går som det skal. Ein blid og triveleg gut. Søv heile natta no også....får håpe det varer :)

Eg har fått meg ein kjekk ridetur også idag, rundt vatnet ilag med Beate og Eidina. Kjekk du var, Stjerna mi :) Imorga skal eg besøke Hermine. Og no skal vi kose oss med god mat og laurdagskveld.

2 kommentarer:

  1. Skjønar godt det med gåva....Han veit ikkje kva han får eller ikkje den kvelden!! Og kva ynskjer gull-guten seg?? Eg og Helene har vore på julegåve handling i dag. Terje skulle egentli vere med, då dei fleste gåvene er til hans familie...men vi valgte å dele oss, då vi vart invitert på juletrehoggst i skogen. ( tre til å ha i sentrum i Rosendal når julegata opnar på torsdag!) Så då gjorde gutane da, og vi shoppa!!!

    Og ja, deili med bading i varmebasseng. Vi gjekk på babybading fyrste året til Andreas. Da va veldi kjekt. Og begge to er "badeløver" no, særleg etter ei veke i syden!!

    SvarSlett
  2. Hmmm...alltid vanskelig å finne ut ka en ønske sej sjøl, og no he me plutseli en til å ønske for...nei kle e jo alltid kjekt, men då må d bli 68 eller større, han e vokse inn i 62 no...utruli. Eller nåke små rangle eller sånt. Vi blir gla for alt, det e tanken som telle. Då jan ove kom heim for ei veke sida hadde ej handla til nesten heile fam. Hansen....veit d e ej som fe oppgåva uansett so kunne liksom berre smi mens ånda va der ;p Koselig no med god tid i førjulstida for en gongs skyld, men gle mej te Nicholas blir større og kan delta :) Ja skal begynne på babybading, men d kurse så begynte i haust vart litt for tidlig å begynne på for vår del, så vi tek d over jul. Men han e tydeligvis klar ja. Artig. Tenke d va godt i syden ja...må prøve å få lokka med jan ove utpå våren!

    SvarSlett