Har lenge vore på utkikk etter ny sal til Hermine, då den ho har er for smal til henne, og for stor i setet til meg....såååå har sikla på denne ei stund, men har ikkje visst kva størrelse eg skulle bestille i bommen. Det vert sagt at Globus-salane og denne er nokså like, så då Ingvild lånte ein globus-sal i str 38, prøvde eg den på Hermine, og det verka som den skal passe bra.

Kika på nettet etter brukte globus-salar, men det er ikkje mange å finne med SÅ brei bom...sååå i og med at Hermine no har vore i trening hos Ina Gjerland og fungerar så sinnsjukt bra, slo eg til og bestilte ny sal i og med at ho vil bli mykje brukt framover...Måtte trykke "bestill" med augene lukka FØR eg ombestemte meg...for 8800,- er litt mykje pengar å legge ut no midt i all julegalskapen. Men men. Ny sal måtte vi ha, så får vi berre vere blakke både hesten og eg....(haaahah...blaut spøk....) Har forresten ein Wintec Cair dressur med 4 bomjern til salgs for interesserte!
GOD JUL FOLKENS ;)
Gratulere med ny sal, ditta va heilt sikkert ei god invistering!! :)
SvarSlettJa håpe d...syns den ser svingod ut :)
SvarSlett