tirsdag 14. desember 2010

Snart jul :)

Det går treigt med oppdateringa her inne...Eg har fleire handarbeidsprosjekt som skal kome etterkvart, men det har vore ei hektisk adventstid og null energi til blogging når kvelden er komen og eg har tid. Eg har også tenkt å legge ut litt bilder av dei flotte, nye stovene våre. Jan Ove har jobba som ein helt dei to siste friperiodene, med god hjelp frå far og brødre. Stovene er betre isolert, nye panelplater og tapet er komne på veggane, og no også splitter nytt golv! Skipsgolv, sjølvsagt. For ikkje å gløyme nye dører. Bilete kjem når det er heilt ferdig her, og pynta til jul. Vi gler oss til å bli heilt ferdige, for det er ikkje til å stikke under ein stol at det er travelt å bu oppi sånt rot....og lite vits å pynte så voldsomt til jul før alt er ferdig. Meeen no er vi snart i mål!

2 kommentarer:

  1. Gler meg te å sjå!!!

    Ha ei fin førjulstid!!Juleklem

    SvarSlett
  2. Visste ikkje at dokke drive å pussa opp! Kor spennande ;) Gler mej til å sjå :D

    SvarSlett