søndag 22. mars 2009

Enda ei helg over....

Helga har gått fort! Igår var vi på farten nesten heile dagen. Eg hadde eine salen min til reparasjon i Holmøyane, så eg skulle inn å hente den. Og når vi likevel var i traktene, tok vi ein shoppingtur til Stryn i same slengen. Fann meg ei mammabukse på Name It, og litt scrappe-stæsj på Nille. Og når vi først var i DEI traktene også, køyrde vi inn til Olden på Skogstad-butikken, men kjøpte ikkje noko der. På veg heim stoppa vi på Nordfjordeid for å sjå på barnevogn på Kramboden. Dei har stort utvalg i Emmaljunga der. Edge Duo som eg forelska meg i på nett, vart for stor og høg for meg. Derimot ser Smart Duo eller City Cross ut til å passe, og det er fine, gode vogner. Smart Duo er med bagdel, sportsdel, pose og stelleveske for litt over seks tusen. City Cross er hakket lettare då den har spesielle kulelager og alu-felgar på dekka. Den blir noko dyrare då ein må kjøpe sportsdel i tillegg, og stelleveske og pose. Men vi får sjå. Folk seier at Smart'en er tung som sportsvogn, men spørs kven som har uttalt seg då (nett)....eg er jo vant i å jobbe fysisk så skal vel overleve det. Men om eg finn ei lett vogn som alternativ, vel eg heller den. Så vi får sjå litt på det, om vi kanskje betalar litt meir og tek City Cross istaden. Har litt tid å tenke på, men Emmaljunga stenger for sommaren i juni, så ein fordel å kjøpe før då.

Idag har gullguten min bursdag, 28 år....berre ungfolen :) Han fekk treningsmanualar med meg i gåve, so no pumpast det for harde livet.....Elles har vi gått tur framover markavegen ilag med Ingvild som reid Hermine. Jan Ove hadde med Jack (pappa sin hund). Hermine var stort sett grei, men var gira og full av energi, og det vart litt hopp og sprett. Men eg syns Ingvild er kjempeflink med ho, og taklar henne veldig godt. Det regna, sludda og til slutt snødde kraftig og tett heile turen, så alle var kliss-våte....men det var godt å bevege seg litt likevel. Etterpå var vi ein tur innom min familie, og så på Håskjold og fekk oss potetball...mmmmm!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar