torsdag 19. mars 2009

SPENNANDE VENTETID

Tenk at eg har bikka 20. svangerskapsveke....eg er halvvegs!!!! Ganske utruleg. Syns det har gått fort hittil, men er vel kanskje slutten som vil virke lengst?
Har vore så heldig å vere i tilnærma lik "bra form", bortsett frå at eg er veldig trøtt og sliten heile tida....men noko må det jo vere....ein lagar jo eit nytt menneske her...

Dei tre første mnd var eg mykje kvalm også, men ikkje verre enn at eg fungerte i kvardagen. Så har jobba fullt fram til no, men pga mykje stress og tunge løft på jobb, har eg trappa ned slik at eg no arbeider 70% og er sjukmeld 30%.

Ultralyd i veke 18 viste at alt såg normalt ut. Det var ein turbo krabat inni der og kjempeartig å sjå. DET ER FAKTISK EIT MENNESKE INNI DER!!! JØSS!!!

Min eigen termin er 6.august, mens ultralydtermin er 11. august. Så vi får sjå kor tid krabaten melder sin ankomst.
Fekk høyre hjertelyd frå veke 11 og har kjent spark frå veke 16.

DETTE ER EI STOR OPPLEVING!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar