mandag 20. juli 2009

Endelig heime!

På laurdag 18.juli var endelig dagen komt for at Nicholas vart utskreven frå Neonatal intensiv i Ålesund :) Det gikk veldig fort framover siste veka, så heimreisa kom som "julafta på kjerringa"...hehe...men ååååååå kor klar vi var for å ta med oss skatten heim! Siste natta før vi reiste heim fekk vi ha han på hybelen hos oss ved sjukehuset. Det gikk kjempefint, og det har dei to døgna heime gjort også. Han seier frå når han er svolten eller har mageknip, elles er han ein rolig og snill liten gut. Håper det varer...
På veg heim


Då vi kom til Volda, var vi først innom Håskjold....der var det mange som ville helse på Nicholas. Farmor, farfar, onkel Geir og tante Linn, onkel Øyvind, onkel Cato og tante Anette og søskenbarna Cecilie, Anne-Camilla og Emilie. Og då vi svinga inn på tunet hadde søskenbarna Mariell, Hanna, Sander, tante Hanne-Marit, onkel Ole og mormor laga overraskelses-velkomst og gøymt seg på terrassen vår. Dei hadde med kanelbollar, vafler og anna godis og var kjempespent på å sjå Nicholas. Berre mormor og tante hadde sett han på sjukehuset.

Hanna med Sander og Mariell med Nicholas. Det er på dagen 8 mnd mellom gutane ;)

Mariell og Nicholas Hanna og Nicholas

4 kommentarer:

  1. Åh, så deili å komme heim! Kjekt å høyre at alt er vel med dåke. Har handla ein liten presang, e så kjekt å snopa babykle, for som tante har eg lov å kjøpa da som e stili (men ikkje alltid så praktisk :-0) Ska få da avgårde i posten, men da blei str 68, så rundt juletider passe da kanskje... Vi vil gjerne ha besøk av dåke, e litt vanskeli å vere tante, når vi aldri ser ungane...Og da som e så greitt, e at vi har alt babyutstyr framme enda, så da e bare å hoppa i da og komma! Klem

    SvarSlett
  2. Velkoma heim! Kan tenke meg det var godt å kome heim, ja!

    Nyt dagane. Håpe dokke fe holde dokke friske alle tre, å at han søve godt me natta! Klem!

    SvarSlett
  3. Deili å endelig få komme heim tenker eg!:) Kjekke familiemedlemmer som lagar varm velkomst :D

    Kos dokke masse!:) Og sei gjerne ifra når du er klar for trilletur!:)

    SvarSlett
  4. Så deilig! Kos dokke med Nicholas, og spre barselbesøket så mykje utover som mulig - det spara dokke mykje krefte på! :)

    SvarSlett