mandag 6. juli 2009

Nicholas er fødd!!!

Vesle gullet vårt, Nicholas, kom til verda 21.06.09 kl 21.09 og målte 1740 gram og 40 cm. Hovudomkrets var 29.5 cm.
Ting skjedde igrunnen veldig fort....og kort fortalt fekk eg ein tilstand av svangerskapsforgiftning som kallast help syndrom. Nicholas hadde det fint i magen, men det var visst verre med min tilstand. Etter den helga eg var innlagt i Volda, og dei ikkje fann anna enn høgt blodtrykk, vart eg sendt heim og tok det med ro heile veka. Var på kontroll på helsestasjonen fredagen etter, og vart sendt på sjukehuset pga at ho fann fleire teikn på svangerskapsforgiftning. Men eg vart ikkje innlagt, og skulle på ny kontroll mandagen. Hadde kjent på litt vage smerter øverst i magen heile veka, noko som er eit alvorlig teikn, men eg trudde det berre var luftsmerter eller babyen som klemte på eitkvart. Natt til søndag og utover søndagen var smertene i magen så ille at eg tok kontakt med føden, og vart umiddelbart sendt til Ålesund med ambulanse. Mamma og pappa kom etter, for stakkars Jan Ove var reist til Hardanger i bryllup. På noverande tidspunkt i historia var han derimot på vei til Flesland med båt for å ta fly til Vigra....
I Ålesund såg det lenge ut til at eg berre skulle leggast inn til observasjon, for babyen hadde det berre fint. Men akkurat då mamma og pappa skulle til å køyre innatt, kom legen stormande inn på rommet og erklærte at det vart keisersnitt om 25 min!!!! Eg hadde då faretruande høge leververdiar og noko med blodplatene og noko styr....innvikla. Så då kom altså min lille prins til verda, 7 veker før tida.

Men han pusta sjølv nesten frå starten , og har vore stabil sidan. Ein skikkelig liten tøffing. Som berre må bli større og lære å ete sjølv før vi får reise heim.

Han gikk frå fødselsvekta 1740 og ned til 1620, og er no oppe i 1850 gram etter to veker. Så her går det unna.

HAN ER DET BESTE SOM HAR SKJEDD OSS :) ELSKAR DEG NICHOLAS :)
(skal legge inn fleire bilete seinare)

1 kommentar:

  1. Gratulerer så mykje med den lisje gutten! :) Fint det gikk bra med både deg og barnet - høres ut som det har vore alvorleg sidan dei ville ta keisarsnitt så raskt. Lykke til vidare :) Når du er klar hadde det vore kjekt å gå på trilletur ilag :) Klem :)

    SvarSlett