torsdag 28. oktober 2010

Pixie-lue med hals

Her er huene eg har strikka til Nicholas siste vekene. Oppskrifta har eg funne hos tante T, http://trikoter.blogspot.com/

Den første hua prøvde eg å strikke i noko restegarn eg hadde av Dale Falk. Sidan hua er strikka i dobbelt garn, vart den litt tjukk og stiv i dette garnet. Og stor i størrelsen. Denne hua er str 1 år. Og litt prega av at det er reste-strikk kva fargar angår...
Eg syns hua vart ganske kul, så eg fann ut at eg ville lage ei ny, i eit av garna som var anbefalt hos Tante T. Sidan ho syns pt Panda er det beste, var det dette eg ville bruke, men kjedelege fargar i garnbutikken, gjorde at eg valde Dale Babyull.

Og her er resultatet. Dette garnet er tynnare enn Dale Falk, derfor er denne hua i str 2 år faktisk litt mindre enn den forrige i str 1 år. På denne har eg dessutan hekla ein kant med fastmasker rundt ansiktet.

No held eg på med vottar i same fargar som denne siste hua. Syns dei var så herlege ilag. Ha ei fin helg folkens :)

1 kommentar:

  1. Fine hue! Kanskje nåke for mej når ej e ferdig med sokke, og votte-prosjekta mine ;)

    SvarSlett