Eg søkte på nettet etter oppskrifter, og kom over denne http://tostrup.net/blog/archives/625
Eg strikka dei med Dale Babyull, men med dobbel tråd. Om det var det som gjor at dei vart litt vèl store, eller om Nicholas berre har lita hand, så vart dei iallefall FOR store. Men eg syns dei vart kjempefine, så dei får heller leggast i forvaring nokre år.....Litt stolt av meg sjølv, for det er første gong eg strikkar slikt mønster. 
Det var kjekt å strikke desse! Kanskje strikkar eg eit nytt par med enkel tråd, og minskar masketalet litt og ser om det blir betre....men i mellomtida held eg på med eit par i deilig alpakkaull som ei farmor i barnehagen har prøvd seg fram til....Eit heldig barn på avdelinga mi, har ei farmor som prøvde seg fram for å strikke vottar i passeleg størrelse. Desse vottane låg i barnet si hylle ein dag, og eg syns dei var så mjuke og deilige, og så akkruat passe til min Nicholas....så eg gikk igang og telde masker og omgangar for å "kopiere" vottane. Same dag var det farmora som henta barnet, og eg måtte spørje kva garn ho hadde brukt, kva pinnar og om det stemte med masketalet eg hadde komt fram til.
Så no er eg i gang med desse
Eg prøver meg litt fram med oppskrifta, derfor ventar eg med å legge ut oppskrifta før eg er ferdig og fornøgd med størrelsen....då er det lettare å dele med andre :)
jammen har du dreisen på strikkepinnane!! Så kan eg sy, så kan jammen meg du strikke!!!! Helde på med ein stili julapresang. Håpe ikkje mora blir stressa når eg seie at den går i grønt????
SvarSlettDu er flink. Eg kjem ikkje i gong med strikkekurs, har ikkje hatt tid nok. Hoho! Fullt sjukmeldt, men likevel - dagane flyg.
SvarSlettVetle har regnvottar frå Reima med glidelås på sida, og borrelås som går over handrista. No har Vetle store hender, da, men dei var iallfall fint passelige då han var 1 år. Beste regnvottane eg har vore borti!