onsdag 23. februar 2011

Årets første skitur

Idag var den første fri-onsdagen min sidan før jul. Eg har jobba 100% ei periode, men er no tilbake i 80% og det er GODT! Idag hadde eg og mamma planlagt ski-tur om det ikkje var altfor kaldt. Det har vore knall-forhold nokre dagar, men for kaldt til å ta ut med pulk. Slik såg det ut idag også, men temperaturen steig utover dagen, og vi bestemte oss for å prøve då kl var 14.
Nicholas er klar i pulken....første tur han kjem til å hugse...var ein stor gut som sat i pulken i dag, ikkje den babyen som sat der i fjor....
Flotte skiforhold innover mot Rotevassdalen. Men ifølge meldingane var dette siste dag for no. Godt vi fekk nyte den.
Mamma og Nicholas.


Hestehornet i bakgrunnen.

Lettare henslengt...kjekspause :)

1 kommentar:

  1. Hei :)
    Det såg skikkeleg herleg ut med ein fin skitur på Eidet! :) Så stor Nicholas er blitt :)
    Kjekt at du vil vere med på påskelotteriet mitt, eg kryssar fingrane for deg :)
    Klem :)

    SvarSlett