søndag 11. oktober 2009

Nydeleg haust-tur

Endeleg to dagar på rad med opplett og SOL og blå himmel! Desse dagane har eg nytta til å få fylt opp lungene med frisk luft, og samtidig fått trimma både meg sjølv og den firbeinte eg har att på stallen. (Hermine er for tida hos Ina Gjerland og Atle Henden for trening, då eg innsåg at eg ikkje har nok kapasitet for den intensive treninga ho treng no. ) Så no får eg tid til å ri kun Stjerna ein periode, reknar med Hermine er tilbake om ein månad eller sånn. Igår var eg og Ingvild på tur med Stjerna og Mai oppover Markaveien. Eg trudde sjølvsagt at når det var opplett så var det også ok å ri utan overtrekksbukse, og med kun ein tynn Devold-genser under boblejakka....men der tok eg feil. Sidan vi reid nedi skogen og attmed elva vart det jo sjølvsagt kaldt...Vi vurderte å bytte da, Invild og eg...sidan ho hadde mykje klede og i tillegg gikk og holdt varmen av den grunn men det vart med tanken. Men det var jo absolutt ein fin tur. Idag visste eg betre, og hadde varme, gode klede. Vi var ein heil flokk på tur. Eg reid Stjerna, Ingvild taumkjørte Mai, og så var foreldra til Ingvild med og gikk tur ilag med. Stjerna var heilt super idag. Det var den RETTE dagen idag, for å seie det sånn. Stjerna er nemlig litt rar, og eg har sjølv gitt ho diagnosen schizofren. Ho er ein fantastisk fin hest dei dagane ho er som idag, roleg og avbalansert, mens ho neste dag kan vere overnervøs for ALT og berre tulle. Eg finn liksom ikkje nokon samanheng heller, det er ingen forskjell på om ho blir ofte eller sjeldan brukt, om det er fint eller dårleg vêr eller noko anna...Men men. Eg har lært meg å leve med at ho er slik, og for meg er ho "go'tobba" uansett. Det er berre litt vanskeleg å få andre til å ri ho, derfor håpar eg no at Hermine blir slik at andre kan avlaste litt av og til. Vil jo ikkje selge nokon av dei...
E no gla i dissa to lo-dottane mine :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar