Nicholas er sin unge alder til tross, veldig traktorfrelst. Han vart derfor overlukkeleg då han oppdaga denne "skraphaugen" (sorry, Stig...) like ved huset vårt. Nicholas bryr seg ikkje om at setet er morkna vekk, eller at alle delene som ein gong har vore lause, no er rusta fast. For han er det meir enn svært nok å få sitje på bakhjulet eller tasse rundt og undersøke alt mulig rart....I fantasien er vi nok på traktor-tur både her og der i løpet av ein dag :)
Og når vi først var igang med bondelivet (eigentleg kjeda vi oss veldig....) kom eg plutseleg på at igår når vi trilla rundt vatnet, var der masse sauer langs Stranda. Nicholas sov då, men idag fann eg ut at vi skulle trille bortover dit når han var våken. Sidan det går massevis av folk der kvar dag, er desse sauene mest for "gardsbikkjer" å rekne....Denne søya var først skeptisk og la på øyrene til oss, (og lamma nytta mora sin skepsis til å få seg ein tår...)
Så morsomt med den der sauen!! Har sjeldan sett dei så nærgåande!! Men det med traktoren kjenner eg veldig godt igjen... Kjekk tur dåke hadde iallefall!
SvarSlettSå herlige bilder, og spesielt det siste!! :)
SvarSlettkjekt det e fleire som e traktorfrelste, hihi! ;) Fine bilder, kjekt med dyr! :D
SvarSlett