Ein har alltid så store forventningar til sommaren. Då skal ein kose seg, sole seg, gå lettkledd, ete jordbær og is, rekke alt ein ikkje rekk over elles, og reise på ferie. Ofte blir det ikkje heilt slik...her på våre kantar er vi ikkje altfor bortskjemt med fint og varmt vêr, og sommaren går så mykje fortare enn ein har tenkt. Men kosa oss har vi gjort! Vi har fått sola oss bittelitt, gått litt lettkledd, ete jordbær og is, og vi har fått oss ein bitteliten ferietur :)
Det er mykje som skal klaffe før vi kjem oss på ferie. Jan Ove må vere heime (iallefall vis vi skal på familietur), og vi bøøør vel helst ikkje reise midt i slåtten. Sidan det er mine hestar vi lagar høy til, føler eg eit visst press på at eg bør vise litt engasjement.
(her er drengen i aksjon:)
Men så ordna det seg då-vi reiste riktig nok midt i slåtten, men det var med god samvittighet og velsignelse frå dei heime :) Det skulle ikkje bli så lett å finne overnatting heller når vi på impuls sat og ringde rundt kvelden før avreise. Alt var fullt nedover "dalane", iallefall hytter med do og dusj, og DET er eit must når ein har ein 1åring! Så det enda med ei leilighet i ein av desse OL-landsbyane på Hafjell/Øyer. Heilt ok. Vi reiste nedover onsdag forrige veke, og torsdag var vi på Hunderfossen.
Knallvêr og kjempekjekt. Ikkje så mykje for Nicholas enda, men vi kosa oss berre med å vandre rundt og han storkosa seg i vogna, fekk sett på dyr, ete is, sitte i ein traktor og litt sånn forskjellig.
Fredag var vi på Lilleputthammer.
Kjempekoseleg der også.
Eg syns Nicholas var litt varm og virka litt pjusk, men trudde først det var på grunn av varmen. Utpå ettermiddagen syns eg han berre vart varmare og varmare. Til slutt fekk vi målt tempen, som viste nesten 40 i feber. Det var ikkje noko kjekt! Ukjent plass, og ein unge som knapt har hatt feber før. Vi fekk snakka med lege etter laaaaang prosess med å få tak i nummer....Slikt burde henge i alle bu-einingane etter mitt syn. Vi fekk beskjed om at han skulle få febernedsetjande så lenge han ikkje hadde andre symptom. Etter ei søvnlaus natt, gjekk feberen ned, men likevel var han ikkje heilt i slag, så vi tok det rolig også laurdagen. Søndag var vi innom Leikeland på Hafjell
før vi kjørte heim, men der var det heller ikkje så mykje for sånne heilt små. Men vi hadde tross alt ein fin tur, og det var godt å kome seg litt heimanfrå :)
Da høyrtes jo ut som at dåke hadde ein fin tur! veit alt om da der med hengetur. Kjeme alltid om sommaren dei...her har da gått "ut og inn" dei siste vekene, kan du sei. Så no vart det som eg frykta, at eg må flytte aleine....
SvarSlett