torsdag 25. februar 2010

Den første ski-turen....

...for meg og Jan Ove, årets første, for Nicholas den aller første. Det har vore så kaldt hittil, så eg trudde det vart lenge før eg fekk testa ut pulken eg kjøpte tidlegare i veka. Slo til no når dei var på kampanje, og håper på fine forhold så vi får bruke den mykje! For dette var kjekt! Her er Nicholas klar:



Vi plukka opp mamma på vegen, og møtte systera mi m/familie på Reset. Jan Ove, Hanne-Marit, mamma og eg gjekk framover turløypa med gutane i pulk, mens Ole og jentene var i ski-trekket.
Mamma og Hanne-Marit, med Sander i pulk.

Her får eg prøve å vere hest....
Jan Ove og mamma smører ski.
Hanna sto på slalom

Sander kosa seg med bolle i pulken.
...og Mariell prøvde ut det nye snowboardet sitt.
Ein fantastisk dag i fantastisk selskap, kjempevêr og superføre! Håper på mange slike dagar framover. No når eg har pulk blir det lettare å kome seg på tur!

1 kommentar: