tirsdag 19. januar 2010

Da e vi berre 3...

...Nicholas, Melissa og meg. Vi kjørte Jan Ove på bussen til Kristiansund, som gikk 15.50 frå Volda, og deretter kjørte vi ut til Cindy og Trym som bur uti Egsetsvingane. Vi trilla ut på Egset, opp i Liaskaret og ned til E39, kryssa den og trilla vidare utover mot Mork skule, snudde og tilbake til Cindy. Kjekt å treffe dei igjen sidan vi ikkje har sett dei sidan november, fordi dei har vore i Tyskland.
Det var tomt å kome heim til stilt hus, men to veker går jo fort. Heldigvis er eg ikkje husredd, og no blir det meir og meir selskap i Nicholas også. Skvatt litt her i stad når Nicholas sov og huset var HEILT STILT og det kom nokre rare pistrelydar frå ein eller annan plass....heilt til det demra for meg at det berre var MELISSA KATT som snorka....jada, ho snorkar verkeleg....rare katta. Men så er ho jo så god også....Framleis med snev av AD/HD, men det er jo berre sjarmerande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar