onsdag 13. januar 2010

Endelig...

...ny PC!!! Hoho...no slepp eg å sitte "på ank" for at pc'en skal slå seg av midt i blogginga, og eg slepp å holde skjermen med eine handa mens eg tastar med hi...(ikkje spør, men JA, den gamle maskina mi var blitt nokså herpa!)

Altså skal det no bli fart på blogginga igjen, føler det har vore eit tiltak utan tilgang på god pc. Denne har også minnekortlesar, så det blir litt snertnare å legge inn bilder :)



I det siste har det vore veldig kaldt, og lite artig å bu i gammalt hus...Vi må nok igang med SKIKKELEG isolering så snart det vårast. To gongar har vatnet frose, men vatn kan ein alltids få tak i. Det verste har vore den gjennomtrengande kulden, særleg med ein liten tass i hus. Heldigvis er soverommet greit isolert, og held varmen ved hjelp av panelovn. Stovene vert det også god temperatur i, men når temperaturen går lavare enn 10 minus, får varmepumpa problem, og det vert først varmt etter intensiv fyring i ovnen. Likevel kjenner ein trekken langs golvet, og det er kaldt i gangane....brrr!
Nicholas godt påkledd mens vi ventar på at det skal bli varmt i stova....

Ein morgon vi sto opp til 11 grader i stova, tok eg med meg Nicholas fram til foreldra mine. Då var det 17 minus ute og vanskeleg å få opp temperaturen nok til at eg ville ha Nicholas her.

Men no er heldigvis gradene på veg oppover, iallefall slik at det blir "levelig" for alle. Fanagenseren Nicholas fekk av mormora til jul er iallefall blitt godt brukt siste veka :)

Nicholas er begynt å ete middagsglas, og at han likar det er ikkje vanskeleg å sjå....det einaste problemet er at han alltid skal lage "bil-lydar" med munnen full av middag eller graut....ein sølete kombinasjon, men litt herlig også.....;p


Idag har eg bestilt enda ein ny sal....Domar-salen eg skreiv om passa nemleg ikkje Hermine. Kjempedumt sidan den såg kjempegod ut. Men no har eg bestilt ein Globus Crincle, samme merket som ein sprangsal eg prøvde på ho. Så BER OG HÅPER om at denne skal passe no då. Absolutt ikkje lett.






1 kommentar:

  1. Kjekt med innlegg frå deg igjen! :)

    "Fint" (eller ei det heiter vel "fattig trøst") å høre at det er fleire som slit med kalde hus og babyar. Heldige deg har ikkje hatt kaldare enn - 17? Her har det vore -25 i maaange dagar! No begynner det å bli "varmt", berre -10 no. Vi har også emigrert for å finne varmare stadar - heilt til også bilen syns det var for kaldt og streika. Ein ting er sikkert - vi bur ikkje her neste vinter :p

    Håper salen du bestilte no vil passe! :D

    SvarSlett