På Nille handla eg litt stæsj til heimen, nye lys og ein løpar.
Nicholas har stadig nye lydar eller "påfunn" no om dagen. Han er begynt å skratte skikkeleg, og elskar at ein bles eller lagar "fiselydar" med munnen mot huda hans. Eg har brukt å gjere det når han stappar fingrane inni munnen min, og igår kveld hadde vi oss ei artig stund. Han starta med å stappe fingrane i munnen min, og eg bles og lata som eg smatta på fingrane hans, og han storskratta....vidare gjor eg det mot kinna hans, halsen og armholene og han lo så han rista heile guten....:) Og...når eg slutta, starta han på nytt, putta fingrane i munnen min og så ville han leike meir. Slik holdt vi på lenge. Artig at han forstår så mykje meir for kvar dag no.
Idag tok ned dette speilet som har hengt skeivt for eg lurte på å flytte spikrane for å rette det opp, men så fann eg ikkje rette redskapane....og så kom eg på at eg kunne legge gym-matta bortåt.....og her var ein som møtte seg sjølv i ....speilet...
Kor søte han e <3 E kjekt å shoppe, og kjenne mej igjen i det å vere klelaus etter svangerskapet. Ej fekk shoppa litt til mej sjøl i Førde no, kjekt :D
SvarSlett