fredag 15. januar 2010

Makramè-armband

Etter å ha fått vårens PANDURO-katalog, fekk eg så lyst å lage slike makramè-armband, eller "Lykkearmband" som dei også kallast. Dei har visst vore populære lenge, så eg er litt treig med å følge moten, men men...
Planen var å handle på postordre, men sidan vi var i Ålesund igår, og der er ein super bokhandel på Amfi (Bok & Media) som har MASSE panduro og hobby-stuff, så handla eg litt der. Men der var ganske utplukka då, så eg kjøpte ikkje så mykje.
Dei gratis forklarings-hefta eg fekk var temmelig elendige, så eg knøda litt før eg fekk det til, men resultata vart BRA om eg skal seie det sjølv. Det største problemet var å få perlene inn på snora, både den tynne eg kjøpte ( 1 mm) og den tjukke (2 mm), men etter katalogen å dømme er det desse materiala som er brukt....Men med mykje smelting av trådendar med lighter, litt brende fingrar og mindre fine gloser, gjekk det :) Kanskje det berre er eg som ikkje har teknikken heilt i orden. Men ein ting er sikkert ; meir blir det handla, men på postordre. Enklare å få oversikta i katalogen enn i butikken....
Slik vart dei:







4 kommentarer:

  1. Vart kjempefine! Flinke du e :)

    SvarSlett
  2. Så fine dei blei, og då sjølvsagt: så flink du er!! Synd eg ikkje har burdag før i juni, he he he
    Ha ei fin helg! Klem

    SvarSlett
  3. Flinke å kreativ Rigmor:O)

    SvarSlett
  4. Tar gjerne eit slikt i sølv eller nåke liknande!

    Eg hadde heller aldri tenkt tanken på at eg kunne baka knekkebrød...da e sånt vi kjøpe i butikken da! Men dei er knallgode, og gjere te at eg-som-e-svulten-heila-tio ikkje e da lenger!

    SvarSlett