Idag har det gått slag-i-slag...vi sov frampå til 10.00, og etter at Nicholas hadde fått mat, køyrde vi fram i bygda og slapp ut dei tre gule damene. Så møtte vi Cindy og Trym og trilla rundt vatnet. Kaldt, men deilig, og Nicholas låg godt og varmt nede i vogna, men for sikkerhets skuld la eg eit helseteppe over opninga slik at han skulle vere litt meir beskytta mot den kalde lufta her nede ved vatnet.
Til kvelden var det tid for å markere kva vi syns om at dei har planer om å legge ned akutt-funksjonen ved Volda Sjukehus. Altså....nåke så tullete! Det var stort oppmøte og eit flott fakkeltog. Mellom 3-og 4000 var det visst som gjekk....meir kan du lese på http://www.mre.no/
Nicholas er ein grei kar å ha med på ting....han sov jo heile vegen han. Eg gjekk ilag med mamma, pappa og Hanna. Mariell gjekk såklart ilag med veninner :)
Og sist men ikkje minst: PRINSEN VÅR FYLLER 7 MÅNADER IDAG!!!!!
I går var det den store besøksdagen....først kom Alise og vesle Endre på besøk...han er ganske nøyaktig ein mnd eldre enn Nicholas, og dei hadde det veldig kjekt ilag på sitt vis....
"Ikkje forstyrr leiken vår...."
Nicholas tek handa til Endre.....
Om kvelden var det Sissel som kom på besøk, og det var kjempekoselig, iallefall etter at Nicholas hadde gjort seg litt kostbar og vore litt mammadalt....noko nytt han har begynt med???
Koseleg dag får dåke begge 2:O)
SvarSlettKor store han he blitt :) <3
SvarSlettBra mange stilte i fakkeltog!! :)