Ja no er det skikkelig kaldt her! Men no når det enorme snøfallet har stoppa, og det er brøyta og fint rundt omkring, er det faktisk veldig fint ute. Einaste eg er dårleg på, er å huske på at bilen treng lang tiningstid...spesielt no når vi har diesel-vogn...Men ein venner seg til så mangt.
Ikveld har eg og Hermine hatt oss ein flott tur i gnistrande kulde og stjerneskinn. Skulle møte Beate/Eidina nede ved deira stall, og sida det er glatt på hovudvegen og dei fleste bilistane absolutt ikkje tek noko hensyn (og det er skiføre på skisenteret) ville eg helst ri ned markaveien, men så lurte eg litt på om det var mulig med all snøen (Jan Ove målte 1, 06 m ute på terrassa vår igår).
Men eg satsa på det var nokon som hadde rede der før....kanskje nokon med langbeint hest? Og jada...litt tungt var det nok for "Minis" men ho gjekk på med flott mot, og vi trava oss nedover mot Rotevatn.
Vi reid innover i Vassbotnen og halvvegs rundt vatnet. Då tok vi same vegen heim. Eg hadde to ulltrøyer, fleecegenser, stillongs, tjukk ridebukse og termodress, ullhals, sånn baclava-hue som ungane brukar, under hjelmen, tre par ullsokkar og....ja...så fraus gjorde eg egentlig ikkje anna enn periodevis med numne fingrar ( tynne hanskar) og naglebet på te'ne.
Vi tok skogsvegen oppatt også, og det gjekk i bånn gass i trav og galopp i den djupe snøen....HÆRLIG!
Vel heime fekk hestane høy og hett vatn...for å få litt varme i seg og for å unngå kolikk av å drikke isvatn.
TAKK FOR EIN KJEMPEFIN TUR HERMINE, BEATE OG EIDINA.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar