onsdag 17. mars 2010

Babybading

Idag var det første gong på organisert babybading. Vi har vore i bassenget før, så det var ikkje første gong for Nicholas. Sidan papsen sit vêrfast i Nordsjøen, så var det Nicholas og eg som var og duppa oss.
Nicholas syns det er veldig kjekt i bassenget, og idag var der så mange andre babyar også.....det var meir interessant å glo på dei, enn å ta leikene som instruktøren kasta uti vatnet....Elles sto vi i ring og song ein del mens vi gjorde ulike øvingar, og det var stor stas. Det einaste "problemet" er den vesle villmannen vår som er så aktiv at mamma har problem med å holde hovudet hans over vatnet.....så han var vel under litt meir enn han skulle, men det verka ikkje som han syns det gjorde så mykje.... VI GLER OSS TIL NESTE GONG :)
Elles regnar det idag :) Siste dagane har det snøva så mykje at det har vore berre herk og vanskeleg med alt. Men idag kjem det ferdig måka, og DET er eg fornøgd med. Så får skiføre vere skiføre, no er eg lei av kvit mark!

Og så håper vi at Jan Ove kjem seg i land ein av nærmaste dagane. Skal innrømme at eg vart skuffa igår når eg fekk vite at helikopteret idag var kansellert, men så slo det meg at eg skal jammen ikkje klage. Tenk på dei som misser pappaen sin eller ein annan nær person. Vår kjem iallefall heim, om enn nokre dagar for seint. Det overlever vi :)

1 kommentar:

  1. Da e kjekt med babybading! Vi gjekk eit år med Andreas, men med helene fekk vi ikkje tid...he he prioritering da der. Men eg huska at da va eit styr med sovetider og mating, og få da te å passa inn med badinga. men men alt går!

    Håpe papsen kjeme seg heim. Veit alt om da der! klems

    SvarSlett