Så vart den mykje omtala Pingu-genseren ferdig! Den er strikka i str 1 år, så det var ingen hast såleis....men litt spennande er det jo å sjå korleis det ferdige produktet blir. Det eg var mest spent på var om eg skulle greie å hekle pingvinen, for hekling er virkelig ikkje mi sterke side. Har prøvd litt før, men aldri skjønt det der med luftmasker, kjedemasker, halv- og heilstavar osb. MEN no måtte eg nesten gjere eit seriøst forsøk, for Pingu-genser uten Pingu....neeeei....det går ikkje.
Men ved hjelp av Dr. Google, og DROPS hekleskole, fekk eg losa meg gjennom oppskrifta og alle maskene, og resultatet vart ikkje så verst. Nokre egenkomponerte masker har eg nok innimellom, laga i øyeblikk der tankane har vore ein annan plass og fingrane har jobba på eiga hand.....men det gjer jo berre denne pingvinen HEILT spesiell. Ingen har maken :)
Visste ikkje at du hadde sanne skills!! Kjempe fint! :D :D
SvarSlettDu er berre flinke Rigmor!!! Og so ser eg at dine tanteungar også er kjempeflinke. Heilt imponert! Glede!
SvarSlettKlem A
hemm det spørst om eg skulle ha bestilt strikkekurs med deg en gong:) Kjempe fine ting du lagar å strikkar:)
SvarSlettD må du gjerne gjer, Anette :)
SvarSlettFor en fin liten Pingu! (o:
SvarSlett